SKARD English

Undervisningsplaner for den høgre almenskolen 1950 s. 25 skann 27

— 25 — Leseplan for 3.—4.—5. klasse. Litteraturlesing. Ein bør sjå litteraturlesinga i dei 3 gymnasåra som ein einskap, og kvar lærar bør nokså fritt kunna leggja ein gjennomtenkt plan for arbeidet. Det tidspunktet ein vel til å gå gjennom dei einskilde verk, utval og dikt, vil retta seg mykje etter kor mogne elevane er, kva interesser og ynske dei har, og den aktualiteten som t. d. einskilde skodespel kan få ved framsyningar på skuleteatret, gjennom radio o. l. Til dette kjem òg dei røynsler som den einskilde læraren kan ha gjort om sine eigne evner til å gjera ymse slag stoff levande, så det vekkjer interessa mellom elevane. Serleg i 3. klasse kan ein velja litteratur nokså fritt. For mange vil det høva godt å ta til med sentrale verk i den nyare og nyaste litteraturen som er komne i skoleutgåver. Alt i 3. klassen les ein gjerne sagaverk, segner og eventyr, eller eit historisk skodespel av Bjørnson eller Ibsen, medan mange ventar med tekster som er vanskelegare (Wergeland-Welhaventida) til 4. eller 5. klassen. Når ein skal velja tekster på nynorsk, bør ein ta dei same omsyn som gjeld for bokmålstekstene. Ein kan leggja hovudvekta på den nyare og den nyaste litteraturen, men ein bør førebu ei meir grundig litteraturhistorisk gjennomgåing ved å ta lettare tekster frå Aasen-Vinje-Garborg. I 4. klassen bør ein ha gått gjennom minst 2 av dei 5 hovudverka som skal leggjast opp til examen artium. For mange vil det høva å lesa noko svensk og dansk litteratur i denne klassen. Attåt det ein les elles, skulle det vera råd å koma gjennom noko faglitteratur og essays. I 5. klassen les ein så det som står att av hovudverka som vert lagde opp til eksamen og går gjennom dei luter av pensum som klassen ikkje har lesi før. Men ein bør ikkje avgrensa litteraturlesinga strengt til det som er lagt opp som pensum. Serleg bør ein i siste klassen i gymnaset freista orientera elevane i den moderne norske litteraturen. I denne klassen skal ein òg lesa det som pensum krev av faglitteratur og essays. Like etter nyttår les ein det samanhangande oversynet over norsk språkhistorie som ein skal ha med (om lag 10 t.). Til vanleg repeterer ein berre dei luter av pensum som vert rekna for å vera sers vanskelege. Den måten læraren nyttar til å gå gjennom diktverket, kan skifta mykje frå verk til verk, og læraren må ta omsyn til kor mogne elevane er, og kva han sjølv maktar. Men undervisninga bør vera merkt av initiativ og elevaktivitet, og læraren må stendig granska kritisk sin eigen metode og freista finna nye og betre måtar å leggja fram stoffet på. Mykje av lesestoffet kan elevane arbeida gjennom heime, sumt høver best til høgtlesing i klassen, og sumt til »still lesing«. Det stoffet som
Skann 27 av Undervisningsplaner for den høgre almenskolen 1950
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 8

Siter

Læreplanatlas. «Undervisningsplaner for den høgre almenskolen 1950, s. 25». Versjon 2026-09-28. /planer/1935/undervisningsplaner-hogre-almenskolen-1950-komplett/s/27/