SKARD English

Undervisningsplaner for den høgre almenskolen 1950 s. 24 skann 26

— 24 — funnsspørsmål, men ein kjem òg ofte inn på emne som har tilknyting til problem i ungdomstida, både dei reint personlege og dei som møter ungdomen i heim, skole og samfunnsliv elles. Det er vel uråd både for lærarar og elevar å meistra så vidt mange og ulike emne på ein fullnøyande måte, og for at ikkje det heile skal gli ut, bør norsklærarane der det høver, søkja samarbeid med andre faglærarar (i historie og samfunnslære, geografi o. fl.) både når det gjeld å velja oppgåver og å døma svara. Reint ålment kan ein seia at det vert ei viktig oppgåve for norsklæraren å rettleia elevane i rett målbruk og logisk disponering av stoffet, læra dei å vera varsame med å fella kategoriske domar i tvilsame spørsmål, og freista førebu dei til å kunna vera med i samfunnsdebatten ved å ta opp sentrale og aktuelle samfunnsproblem og drøfta desse på ein sakleg og objektiv måte. Pensum til examen artium. (Alle liner utan norrønlina.) I. Litteraturpensum. Pensum skal vera samansett av 5 heile diktverk eller utdrag av diktverk (kvart på minst 50 sider), dertil om lag 75 sider poesi, om lag 50 sider novellistisk stoff og om lag 50 sider essayistisk eller sjølv-biografisk litteratur. Av diktverka skal eitt vera frå norrøn litteratur (sagaomsetjing), minst eitt frå tida 1860—1890 og minst eitt frå tida etter 1890. To av verka skal vera på sidemålet. Poesien skal vera: 1—2 Edda-dikt i omsetjing, 2—3 folkeviser, dikt av Wergeland, Welhaven, Aasen, Bjørnson, Vinje, Garborg, Olaf Bull, Olav Aukrust og eit par lyrikarar frå vår eiga tid. Elles er valet fritt. Av poesien, det novellistiske og det essayistiske stoffet utanom dei serskilde verka skal minst ein tredjedel og høgst ein halvpart vera på sidemålet. I regelen vil pensum bli eins for ein heil klasse; men om ein elev skriv hovudstilen på eit anna målføre enn fleirtalet i klassen, har han rett til å velja sitt eige pensum. Det blir lagt opp om lag 20 sider dansk og om lag 20 sider svensk litteratur frå tida etter 1800. II. Litteraturhistorie. Det blir lagt opp ei godkjend lærebok i litteraturhistorie. III. Språkhistorie. Det blir lagt opp ei godkjend lærebok i språkhistorie. IV. Gamalnorsk. I gamalnorsk skal ein leggja opp minst 30 oktavsider lette tekster frå ei godkjend lesebok.
Skann 26 av Undervisningsplaner for den høgre almenskolen 1950
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 5

Siter

Læreplanatlas. «Undervisningsplaner for den høgre almenskolen 1950, s. 24». Versjon 2026-09-28. /planer/1935/undervisningsplaner-hogre-almenskolen-1950-komplett/s/26/