SKARD English

Ei liti illustrerad Noregs soga fyre folkeskulen (1894) s. 42 skann 44

42 Oskar den andre. missa si stilling. Kongen utnemnde no nye statsraadar («aprilministrarne»); men desse orkad ikkje aa halda seg, og alt tvo maanadar etter tok dei avskil. No vende kongen seg til føraren fyre vinstrepartiet, Johan Sverdrup, og der kom ein avtale i stand, at stortinget skulde taka upp atter avgjerdi av statsraadssaki i ei nokot onnor form, og at kongen so skulde stadfesta avgjerdi; samstundes skulde der ogso verta vedteket andre umbrøyte, millom annat ei utviding av røysteretten. So vart det ogso, daa kongen i juni 1884 hadde teket Joh. Sverdrup til statsminister. Med dette sluttad vetostriden, og ifraa 1884 heve statsraadarne teket deil i ordskiftom i stortinget. s«ohan Sverdrups regjering kunde stydja seg til det største parti i stortinget (vinstre), medan den fyrre regjeringi hadde eit myket mindre parti. Men høgre heldt godt ihop under Emil Stang, medan vinstre snart vart usamt og kløyvde seg i tvo flokkar (det ereine vinstre og det «maatehaldne vinstre»). Det varte difyre ikkje lenge, fyrr enn regjeringsforslagi tok til aa verta forkastade, og sjølve medlemerne av regjeringi vart usamdeVed dei nye val i 1888 vart regjeringsvenerne (dei «maatehaldne») det veikaste parti i stortinget, og daa Stang juli 1889 fyreslo fyre stortinget aa uttala fyre kongen, at regjeringi ikkje hadde tillit nog i landet, tok heile regjeringi avskil, og kongen utnemnde Stang til statsminister. Stangs regjering greidde seg nogso godt ei lang stund, endaa ho ikkje hadde fleirtal i stortinget; men so vart ho samd med dei svenske statsraadar um eit umbrøyte i riksakti, og sosnart det vart kjent, uttalad stortinget til kongen sitt misnøgje med regjeringi. Stang tok daa avskil (vaaren 1891), og det «reine vinstre» kom til styret med Steen som statsminister; ved dei nye val i 1891 fekk han fleirtal i stortinget. Vinstre i stortinget vilde, at Noreg no skulde hava eigne konsular i utlandet (ikkje saman med Sverike lenger), og det var regjeringi med paa. Men kongen negtad aa stadfesta det forslag, som dei fyrelagde fyre honom, og so tok Steens regjering avskil (1893), og kongen kallad atter Stang til aa skipa ny regjering. 2202000&
Skann 44 av Ei liti illustrerad Noregs soga fyre folkeskulen (1894)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Ei liti illustrerad Noregs soga fyre folkeskulen (1894), s. 42». Versjon 2026-09-28. /boker/petersen-noregs-soga-1894/s/44/