SKARD English

Ei liti illustrerad Noregs soga fyre folkeskulen (1894) s. 41 skann 43

Oskar den andre. 41 Ved dette voks stortinget i magt, og vinstre vart sterkare; stortinget i 1871 forkastad med stort fleirtal forslaget um ei ny riksakt, og i 1872 vedtok stortinget «statsraadssaki»: at statsraadarne skulde have tilgjenge til aa vera med i ordskiftom i stortinget. Men regjeringi vilde ikkje ganga inn paa det, og kongen negtad aa stadfesta avgjerdi. Daa Karl den 15de døydde sonelaus, ervde hans yngre bror, vaar noverande konge, Oskar den andre, baade riki. [Daa stortinget 1873 hadde vedteket aa nedleggja stathaldarposten og setja i staden eit statsministerembætte i Kristiania, stadfeste den nye kongen denne avgjerdi, so som folket ynskte det; til statsminister vart Stang utnemnd. Men daa stortinget baade i 1874 og 1876 atter vedtok statsraadssaki, negtad kongen etter raad av regjeringi baade gonger aa ganga inn paa dette. Men stortinget heldt paa sitt og tok avgjerdi upp atter i 1880; av dette kom so vétostriden; for regjeringi og kongen hævdad. at kongen fyre alle tider kunde negta umbrøyte i grunnlogi ; men det vilde ikkje vinstre vera med paa. Daa kongen ikkje stadfeste avgjerdi, vedtok stortinget etter forslag av Johan Sverdrup, at avgjerdi skulde vera grunnlog (9ande juni 1880); men regjeringi negtad aa godkjenna dette, og striden um det varte lenge og breidde seg yver heile landet. Under dette tok Stang avskil (1880) og fekk Selmer til ettermann. Regjeringi hadde vonat, at regjeringspartiet (høgre) skulde veksa ved dei nye val i 1882; men utfallet vart nokot annat; «vinstre vart no so sterkt, at det kunde fylla lagtinget med sine menner og like vel vera so mannsterkt i odelstinget, at dette etter eit ordskifte paa 8 dagar vedtok aa klaga heile regjeringi fyre riksretten. Denne dømde i februar og mars 1884 dei fleste statsraadar til aa Johan Sverdrup.
Skann 43 av Ei liti illustrerad Noregs soga fyre folkeskulen (1894)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Ei liti illustrerad Noregs soga fyre folkeskulen (1894), s. 41». Versjon 2026-09-28. /boker/petersen-noregs-soga-1894/s/43/