SKARD English

Ei liti illustrerad Noregs soga fyre folkeskulen (1894) s. 36 skann 38

36 Karl Johan. den svenske kongen; det vart daa fastsett, at Noreg skulde vera sambundet med Sverike under same kongen; i grunnlogi vart der gjort dei umbrøyte, som trongst fyre samlaget skuld; dei vart godkjende den fjorde november, og same dagen vart Karl den 15de vald til Noregs konge. Aaret etter vedtok Noregs storting og den svenske riksdag riksakti, som fastset samlagsvilkori. Karl Johan. Karl Johan heitte Johan Baptist Bernadotte og er fødd 1763 i den sudfranske by Pau (les: Paa); der var hans far sakførar. I sitt 17de aar vart han soldat, og han var underofficer, daa den franske revolusjon braut ut. I revolusjonskrigom utmerkte han seg soleids, at han alt i 1794 vart general, og so førde han fleire franske heravdeilingar; i 1804 utnemnde kjeisar Napoleon honom til fransk marskalk. Han tok med heider deil i slaget ved Austerlits; i 1806 vart han fyrste av Pontekorvo (i Italia), var same aaret med i slaget ved Jena og utmerkte seg i 1809 i slaget ved Wagram. Likvel var der aldri retteleg venskap millom honom og Napoleon. Daa Bernadotte i 1810 vart vald til svensk krunprins, negtad ikkje Napoleon honom aa taka imot valet, men kravde den lovnaden av honom, at han aldri skulde strida mot Frankrike. Daa Bernadotte ikkje vilde lova det, sagde kjeisaren ved skilnaden: «No vel, reis! vaar lagnad maa fullkomast.”x Medan Karl den trettande livde, var det Karl Johan, som hadde mest aa segja i Sverike og etter 1814 i Noreg ogso. Daa Karl den trettande døydde, vart Karl Johan i 1818 konge i Noreg og Sverike. Daa samlaget var komet i stand, vart der i Kristiania innsett ein (svensk) riksstathaldar og eit statsraad, der greiv Wedel var den dugelagste, og i Stokholm ei statsraadsavdeiling med ein statsminister. I 1815 fekk me Noregs høgsterett i Kristiania,y og i 1816 Noregs bank i Trondheim. I Kielerfreden hadde Karl Johan lovat, at Noreg skulde taka paa seg ein deil av den dansk-norske statsgjeldi men daa nordmennerne aldri hadde godkjent denne freden, meinte dei ikkje, at dei hadde nokot med den skuldi, og paastod, at riket ikkje orkad aa betala. Det hadde so nær paa vortet ugreida um dette millom kongen og stortinget i 1821. Dette stortinget vedtok fyre tridje gongen mot kongens vilje aa avlysa adelskapet og tok det traudt med aa vilja godkjenna Noregs skylnadar mot Danmark. Kongen tenkte, um det kneip, aa
Skann 38 av Ei liti illustrerad Noregs soga fyre folkeskulen (1894)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Ei liti illustrerad Noregs soga fyre folkeskulen (1894), s. 36». Versjon 2026-09-28. /boker/petersen-noregs-soga-1894/s/38/