SKARD English

Ei liti illustrerad Noregs soga fyre folkeskulen (1894) s. 35 skann 37

Aaret 1814. 35 menn verjepligt, og alle skulde vera like fyre logi. Riksmøtet valde 15 mann (med Falsen til formann) til aa gjera forslag til grunnlog; forslaget vart framlagt den 4de mai, og møtet brukad tidi so godt, at Noregs grunnlog alt var ferdug den 17de mai. Same dagen valde dei Kristian Fredrik til konge i Noreg. Men svenskarne vilde ikkje utan kamp sleppa det, som dei ved Kieler-freden hadde vunnet, og som stormagterna hadde lovat deim. Karl den 13de gjekk paa Noreg tilsjøs, og krunprins Karl Johan drog til- ⁶ lands inn yver grensa. Den svenske floten tok Krakerøyi utanfyreFredri kstad, og byen og festningi maatte giva seg yver. Ein deil av Karls Johans her kringsette Fredriksten, som varde seg godt, og ein annan deil drog yver grensa mot Kongsvinger, men vart slegen ved Lier og Matrand av oberst Krebs. Men Karl Johans hovudher drog fram i Smaaleni, og dei norske officérar vilde vaaga eit hovudslag; men Kristian Fredrik baud, at dei skulde draga seg tilbake yver Gloma. Daa tilbaud Karl Johan aa godkjenna grunnlogi, dersom Noregjvilde ganga inn paa eit samlag med Sverike, og der kom daa i stand eit forlik i Moss (14de august); Kristian Fredrik lovad aa kalla saman eit storting til aa tinga um samlagsvilkori, og sjølv skulde han strakst giva fraa seg magti. Stortinget møtte i Kristiania i fyrstningi av oktober; : Kristian Fredrik yvergav si kruna til stortinget og reiste so til Danmark. No byrjad stortinget, med sorenskrivar Christie som formann (præsident), aa tinga med sendemennerne fraa Kristian Magnus Falsen.
Skann 37 av Ei liti illustrerad Noregs soga fyre folkeskulen (1894)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Ei liti illustrerad Noregs soga fyre folkeskulen (1894), s. 35». Versjon 2026-09-28. /boker/petersen-noregs-soga-1894/s/37/