SKARD English

Ei liti illustrerad Noregs soga fyre folkeskulen (1894) s. 37 skann 39

Karl Johan. *7 tvinga stortinget og drog saman svensk og norsk mannskap paa Eiterstad (ved Kristiania)) Men daa stortinget endeleg vedtok aa betala 3 millionar dalar (d. e. tolv millionar kronor), let kongen seg nøgja med aa fyreslaa ein fjølde med umbrøyte i grunnlogi til auking av kongemagti. Desse forslagi kom fyre paa stortinget 1824; men stortinget forkastad deim samrøystes og utan ordskifte; og um endaa kongen tok desse forslagi upp atter storting etter storting, vart dei likso stødt forkastade. Karl Johan trudde i lang tid, at nordmennerne var misnøgde med samlaget, og at dei paa nytt vilde giva seg under den danske kongen. Daa folk byrjad høgtida grunnlogsdagen (17de mai), forbaud kongen aa halda offentleg fest. Daa so festen i 1827 vart offentleg] likvel, vart kongen ovleg vreid paa nordmennerne. Der kom andre ting til ogso: I Bodø hadde nokre engelske handelsmenner smuglat inn varor og hadde vortet fastsette; men dei hadde teket atter sine varor, siglt heim og klagat nordmennerne; den svenske utanriksministeren tok saki so uvitugt, at Noreg maatte betala engelskmennerne ein stor sum pengar, Daa denne saki kom fyre stortinget i 1827, vedtok tinget aa beda kongen um, at den norske statsminister skulde faa vera med i dryftingi av utanrikske saker. Samstundes vart statsraad Collett klagad fyre riksretten, millom annat fyredi han av yverskotet i statskassa hadde kjøypt tvo dampskip. Fyre alt dette vart kongen so vond, at han i utid let stortinget skiljast. Endaa riksretten frikjende Collett, var kongen likvel misnøgd og kallad stortinget Greiv Herman Wedel-Jarlsberg.
Skann 39 av Ei liti illustrerad Noregs soga fyre folkeskulen (1894)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Ei liti illustrerad Noregs soga fyre folkeskulen (1894), s. 37». Versjon 2026-09-28. /boker/petersen-noregs-soga-1894/s/39/