SKARD English

Ei liti illustrerad Noregs soga fyre folkeskulen (1894) s. 34 skann 36

34 Aaret 1814. v Aaret 1814. Tidendi um Kieler-freden vekte harm og uvilje i Noreg, og allestader var det ynskjet millom folk aa verja landsens sjølvstøda. Stathaldar i Noreg den gongen var prins Kristian Fredrik, systkinbarnet til Fredrik den sette og tillike håns erving. Kristian Fredrik tenkte fyrst, at no var han den rette erving til Noregs kruna; men det lukkadst gode menner, serleg professor Sverdrup, aa yvertyda honom um, at Fredrik den sette utan rett hadde avlatet Noreg, og at nordmennerne difyre hadde rett til sjølve aa giva seg ei grunnlog og velja ein konge. Til vidare yvertok prinsen styret som regent, utnemnde statsraadar og skipad norske regjeringskontor, Eidsvollsbygningi. som fekk namnet departement; han innkallad eit riksmøte paa Eidsvoll til aa avgjera landsens lagnad. Eidsvollsmennerne, 112 i talet, samladst den roande april. Der var tvo flokkar i forsamlingi; dei fleste høyrde til sjølvstødeflokken med sorenskrivar Falsen som hovudmann. Den andre flokken var berre ein 30 mann og heldt paa, at Noreg maatte verta sambundet med Sverike som eit fritt rike; den merkelegaste mann i denne flokken var greiv Wedel. Baade flokkarne stod eitt i, at Noreg heretter skulde hava ein fri riksskipnad; kongen skulde hava den ut-øvande magt; men folket skulde hava retten til gjenom stortinget aa giva seg loger og paaleggja skattar; der skulde vera religionsfridom, prentefridom og aal-
Skann 36 av Ei liti illustrerad Noregs soga fyre folkeskulen (1894)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Ei liti illustrerad Noregs soga fyre folkeskulen (1894), s. 34». Versjon 2026-09-28. /boker/petersen-noregs-soga-1894/s/36/