SKARD English

Ei liti illustrerad Noregs soga fyre folkeskulen (1894) s. 33 skann 35

Fredrik den sette. 33 Fredrik den sette. Landi var no ille ute; dei hadde ufred, var utan flote og laag i den verste pengenaud. Engelske skip stengde fyre skipsferdi, so det vart slutt med all sjøhandel, og i Noreg var det uaar og hunger. Den folkekjære Kristian August slo svenskarne tilbake; men so avsette svenskarne den stivsinte Gustav den fjorde og tok hans farbror Karl den trettande til konge 1809; same aaret fekk me fred med Sverike. Kristian August vart vald til krunprins i Sverike, men døydde strakst etter. Under det jamne velstand og den lange fred hadde ikkje nordmennerne tenkt stort paa, at Noreg i mange maatar hadde skade av sambandet med Danmark; men no fekk dei augo upp fyre, kor urimelegt sambandet med Danmark var, serleg naar ein skulde liggja i ufred med Sverike, og fleire framsynte menner tenkte alt daa, at det var betre, at Noreg og Sverike kom i samband, naar dei tillike let Noreg faa ein fri riksskipnad (forfatning). I 1810 fekk dei i stand «selskabet for Norges vel», som hjelpte til aa fremja sjølvstødekjensla og sette fram ynskjet um eiget universitét fyre Noreg. Serleg lagde greiv Herman Wedel viljen ved i den sak. Daa regjeringi hadde sagt, at det vantad pengar, vart der innsamlat so mange pengar fraa heile landet og serleg fraa byom, at kongen maatte giva etter, og i 181 I vart det norske universitét grunnlagt. Uaar kom paa i 1812, og matnaudi vart so stor, at borkebraud vart aalgjengd føda mange stader i landet. Under ufreden kom pengestellet i dei tvo land syrgjeleg i ulag; tilsidst maatte regjeringi velja den utvegen sjølv aa setja ned pengarne i verde og soleids gjera fallit (1813). Endaa heldt Danmark med Napoleon, som just daa gjorde si uheppelege herferd til Russland; men medan hadde Sverikes nye krunprins Karl Johan sleget seg i lag med Russland og England og fyre hjelpi fenget lov paa Noreg. Daa so Napoleon tapte ved Leipzig 1813, drog Karl Johan med sin her inn i Holstein og tvingad Fredrik den sette i Kieler-freden (14de Januar 1814) til aa avlata Noreg til den svenske kongen. Noregs gamle skattland Island, Færøyarne og Grønland fekk Danmark hava. Siegwart Petersen: Noregs soga. 3
Skann 35 av Ei liti illustrerad Noregs soga fyre folkeskulen (1894)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Ei liti illustrerad Noregs soga fyre folkeskulen (1894), s. 33». Versjon 2026-09-28. /boker/petersen-noregs-soga-1894/s/35/