SKARD English

Ei liti illustrerad Noregs soga fyre folkeskulen (1894) s. 32 skann 34

32 j [Kristian den sjuande. yvertok styret. Hans Minister Bernsd orff styrde ypparleg, og daa han i lang tid heldt Danmark og Noreg utanfyre ufreden millom England og Frankrige etter 17921, treivst handel og skipsferd betre eun nokot sinn fyrr, I den lange fredstid (fraa 1720) hadde Noregs handel, sjøferd og folkemengd stiget sterkt; umkring 1660 var der i Noreg berre 430,000 menneskjor; men i 1801 var det 885,000, og handelsfloten hadde vakset fraa 60 skip til 1150, og mange av desse skipom var store og for i langferd Bondestandet hadde vakset myket, serleg avdi krungodsi hadde vortet selde; der var no mest dubbelt so mange gardeigarar som leiglendingar. Embættesmennerne let no sine søner studera i Kjøpenhamn, so Noreg smaat um senn fekk eit innfødt embættestand, som kunde føra sit folks sak fram. Freden vart broten, daa England vilde stengja Frankrike ute fraa all tilførsla og forbjoda alle folk aa føra varor dit; Sverike og Russland slo lag med den dansk-norske regjering til aa verje sin handel. Daa vart englendarne harme og sende ein flote under Parker og Nelson mot Kjøpenhamn. Her kom det til eit slag paa Kjøpenhamns red den 2dre april 1801; men etterpaa vart det fred atter. 6 aar seinare, daa Napoleon og den russiske kjeisar gjorde fredꝰ?, avtalad dei i løynd, at Napoleon skulde tvinga Danmark til aa vera med honom mot England; men engelskmennerne fekk spurt det og sende ein stor her og flote til Øresund. Dei kravde, at den dansk-norske flote skulde verta send til England og liggja i hamn der, til det vart fred. Kravet vart avvist, og engelskmennerne bombardérte daa Kjøpenhamn i 1807 og tok med magt heile den danske flote. Danmark slo seg no saman med Napoleon og byrjad ufred med England og med Sverike, som heldt med England. - Same aaret vart det utnemnt ein eigen regjeringskommission i Noreg med prins Kristian August som formann. Aaret etter døydde den tullutte Kristian 7, og krunprinsen vart konge med namnet 1) Sjaa verdenshistorien s. 61. 2) Sjaa verdenshistorien s. 63.
Skann 34 av Ei liti illustrerad Noregs soga fyre folkeskulen (1894)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Ei liti illustrerad Noregs soga fyre folkeskulen (1894), s. 32». Versjon 2026-09-28. /boker/petersen-noregs-soga-1894/s/34/