SKARD English

Ei liti illustrerad Noregs soga fyre folkeskulen (1894) s. 31 skann 33

Kristian den sjuande. ; . 31 rundt umkring slottet var der strekt jarnlekkjor, so folk ikkje skulde koma det for nær. Ovlivnaden i kongsgarden kostad mange pengar, og der vart øydt burt i millionvis paa aa byggja slott. Kristian var ein gudfrygtig mann; men hans gudsfrygt var myrk og sjukeleg. Urimelege loger sette bøter eller gapestokk fyre den, som ikkje gjekk i kyrkja um sunog helgedagarne, skuldlaus moro vart forbodi, og det danske teatret vart stengt. I 1736 vart konfirmasjonen paaboden; den heve verkat myket til aa fremja kristeleg upplysning; fraa den tid vart der ogso i Noreg skular, der aalmugen lærde aa lesa. Fredrik den femte, son hans Kristian, var mild og venleg; no vart det atter tillatet aa mora seg, og teatret vart opnat paa nytt til gleda fyre vaar namnspurde landsmann Ludvig Holberg, som atter kunde faa sine utmerkte skodespel (komedier) spelade. Fredrik hadde so nær komet i krig med den russiske kjeisaren, som var ættad fraa dei hollsteinske hertugar og kravde Slesvik tilbake. Ein dansk-norsk her vart samlad; men kjeisaren vart myrd heime i Russland, og der vart gjort fred strakst. Kristian den sjuande var berre 17 aar gamall, daa han vart konge etter far sin 1766. Strakst etter gjorde han ei utanlandsferd, og daa fylgde tyskaren Struensee med honom som lækjar. Struensee hadde eit godt hovud, kom seg serleg inn hjaa kongen og vart hans øvste raadgivar, daa dei kom heim atter. Kongen tenkte no berre paa aa mora seg; han miste al dug til aa styra sjølv og vart snart reint tullutt. Struensee fekk ogso uvener fyre det, at han ingen skilnad gjorde paa adelege og andre og sette tyskarne fyre dei danske og norske. Enkjedronningi, styvmor til kongen, ilag med nokre officérar fekk daa sett Struensee fast, og han vart dømd fraa livet og rettad 1772. Deretter kom den gullbergske tid, daa Ove Guldberg hadde mest aa segja. Myket av det, som Struensee hadde gjenomført, vart gjort um atter; for Guldberg og hans vener var rædde fyre alt nytt. Guldbergs magt tok ende, daa krunprins Fredrik, son til kongen, i 1784
Skann 33 av Ei liti illustrerad Noregs soga fyre folkeskulen (1894)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Ei liti illustrerad Noregs soga fyre folkeskulen (1894), s. 31». Versjon 2026-09-28. /boker/petersen-noregs-soga-1894/s/33/