SKARD English

Ei liti illustrerad Noregs soga fyre folkeskulen (1894) s. 30 skann 32

30 Fredrik den fjorde. Karl tilbake til Sverike fraa Tyrkiet, og alt aaret etter gjorde han det fyrste innfall i Noreg. Karl tok Kristiania og byrjad kringsetja Akershus festning; men han kunde ingenting vinna, daa han ikkje hadde store kanonor. Fraa Kristiania sende han avstad krigsfolk, som skulde taka Kongsberg sylvverk; men dei vart yvervundne paa Norderhov paa Ringerike. Sidan rykte Karl mot Fredrikshald; men borgararne her, med brøderne Peter og Hans Kolbjørnssøner i brodden, brende sin by, og svenskarne maatte skunda seg ut or byen. Daa so Tordenskjold samstundes i Dynekilen ved Strømstad øydelagde Karls flote, maatte han venda heim til Sverike, Tordenskjold var son av ein kjøpmann i Trondheim og heitte Peter Wessel; han var fyrst matros, vart so sjøkadett og officer og viste slikt mannsmod i denne ufreden, at han i ein hast, innan 10 aar, steig til admiral og vart teken upp i adelsstandet; daa fekk han namnet Tordenskjold. I 1718 gjorde Karl ei ny herferd til Noreg; sjølv gjekk han med ein stor her mot Fredrikssten; men ei kula fraa festningi dér gjorde ende paa hans liv. Ein annan svensk her hadde dreget inn i Trøndelagen; dei vende tilbake til Sverike, daa dei fekk bodskapen um, at kongen var fallen; men mange av deim fraus ihel paa Tydalstjellom. Tordenskjolds sidste storverk under krigen var, daa han i 1719 tok festningi Karlstén ved Marstrand. Aaret etter sluttad krigen; ved freden maatte Sverike leggja ein deil pengar, men miste ikkje nokot land. Same aaret fall Tordenskjold i ein tvikamp, berre 30 aar gamall. Fredrik den fjorde døydde 1730. I hans tid var det, at nordlandspresten Hans Egede reiste til Grønland og arbeidde utrøyttnande fyre kristendomen i mange aar, og at Thomas von Westen fekk lapparne kristnade. Kristian 6 og Fredrik 5. Kristian den sette var viljelaus og let seg leida av si kaute tyske dronning og hennar tyeke vener. Stivt og stort gjekk det til i kongsgarden; kong talad ikkje annat enn med dei høge adelsmenner og tyskarar. Vver slottsplassen maatte folk ganga med hatten i handi, og
Skann 32 av Ei liti illustrerad Noregs soga fyre folkeskulen (1894)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Ei liti illustrerad Noregs soga fyre folkeskulen (1894), s. 30». Versjon 2026-09-28. /boker/petersen-noregs-soga-1894/s/32/