SKARD English

Ei liti illustrerad Noregs soga fyre folkeskulen (1894) s. 29 skann 31

144 41444* 5 Kristian den femte. g 29 Gyldenløve, halvbror til kongen, og Tunsbergs greivskap til Griffenfeld. Griffenfeld var ein dugande mann, son til ein vinhandlar i Kjøpenhamn; han heitte Schumacher, men han vart adlad og fekk namnet Griffenfeldi og no hadde han som statsraad mest aa segja i dei 6 fyrste aar av Kristians styre. Men ved hoffet fekk han megtuge ovundsmenner; dei klagad honom og fekk honom uretteleg dømd til dauden i 1676. Paa rettarstaden vart han naadad og fekk livsvarugt fengsel ; so sat han fyrst 4 aar i Kjepenhamn og sidan 18 aar paa paa Munkholmen ved Trondheim; i 1698 slapp han ut atter og døydde aaret etter i Trondheim. Kristian vilde vinna atter dei landskap, som Sverike hadde tilvunnet seg i hans fars tid, og so byrjad han imot Griffenfelds raad krig med den svenske kongen Karl den ellevte; det var den skaanske ufred. Tillands tapte dei danske mange slag i Skaane; men tilsjøs gjorde dei det godt, daaNils Jul vann i Kjøgebugt. Norske log kom ut under denne kongen («Kristian den femtes log»). Han døydde 1699. Fredrik den fjorde lærde fælt litet i sin ungdom; men daa han vart konge, prøvde han med ærleg vilje aa vinna innatter det, som han soleids hadde forspillt. Han var sparsam og søkte paa alle maatar aa faa pengar i statskassa; men det maa ein lasta, at han i den spanske ervefylgjekrig leigde ut soldatar. Strakst han hadde vortet konge, kom han i krig med den svenske konge Karl den tolvte; men den ufreden varte ikkje lenge; for Karl gjorde landgang paa Sjælland og tvingad Fredrik til aa gjera fred. Daa Karl sidan hadde tapt slaget ved Pultava 1709 og flydde til Tyrkiet, slo Fredrik. lag med Russland og Polen og vart med i den store nordiske ufredi mot Sverlke. Dei danske vilde vinna atter Skaane, men vart slegne; derimot uppnaadde kongen aa vinna atter Slesvik fraa den holsteinske hertug. som var i samband med Karl den tolvte. I eit sjøslag i Kjøgebugt vann nordmannen Ivar Huitfeldt heltenamn, daa han og hans menner sprang i-lufti med skipet Danebrog. Ved joletid 1715 kom endeleg 1) Sjaa verdenshistorien s. 52—54.
Skann 31 av Ei liti illustrerad Noregs soga fyre folkeskulen (1894)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Ei liti illustrerad Noregs soga fyre folkeskulen (1894), s. 29». Versjon 2026-09-28. /boker/petersen-noregs-soga-1894/s/31/