SKARD English

Ei liti illustrerad Noregs soga fyre folkeskulen (1894) s. 28 skann 30

28 Einvaldsmagti. kongen saman ein dansk riksdag i Kjøpenhamn 1660, og dér møtte utsendingar baade fraa adel, presteskap og borgarar. Som det var vanlegt, negtad adelen aa vera med aa leggja skatt; men dei tvo andre stand heldt saman og fekk fastsett, at kongedømet skulde vera ervelegt. So vart det yverlatet til kongen sjølv aa giva ei grunnlog, som kunde vera til gagn fyre alle. Denne nye grunnlogi kom aldri; derimot let kongen setja upp eit brev, som gjekk ut paa, at han umfram erveretten ogso skulde hava fullt einvelde. Dette brev gjekk umkring i Danmark og Noreg, og alle skreiv under paa det utan motstand; soleids fekk kongen i Danmark og Noreg den mest einvelduge magt. Riksraadet vart det slutt med, og til hjelp fyre kongen skapad dei »regjerings kollégier»: dei hadde aa fyrebu alle saker, som kongen skulde avgjera, og medlemerne skulde vera baade adelege og borgarlege embættesmenner. Magti til den danske adelen vart storleg minkad, daa kongen hadde fenget einvaldsmagt. Fyrr hadde adelsmennerne havt eineretten til aa styra leni og fekk derifraa nokot av si beste inntekt; no vart leni umgjorde til amt og kom under amtmenner med fast løn av kongen. Intekterna til kongedømet steig storleg ved dette; heren vart aukad, og admiralarne (floteførararne) Kort Adeler og Nils Jul sette floten i betre stand; Adeler var ein nordmann fraa Brevik, han hadde teket hertenesta i Venedig og utmerkt seg med heider i krig mot tyrken. Fredrik den tridje døydde 1670. Kristian den femte likad stas og vilde likna den øydslesame franske kongen Ludvig den fjortandet; difyre brukad han myket meir pengar, enn den dansk-norske rikskassa kunde tola. Fyrst og fremst var han glad i alt, som tysk var, og grunnad ein ny adel av greivar og baronar, som ogso fyre det meste var innflutte tyskarar; dei fekk langt større serrettar enn den gamle adelen. Dessutan tok han til med aa deila ut rang, titlar og riddarordnar. I Noreg vart der ogso skipat tvo greivskap: Larviks greivskap til den norske stathaldar ] 1) Sjaa verdenshistorien s. 51.
Skann 30 av Ei liti illustrerad Noregs soga fyre folkeskulen (1894)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Ei liti illustrerad Noregs soga fyre folkeskulen (1894), s. 28». Versjon 2026-09-28. /boker/petersen-noregs-soga-1894/s/30/