SKARD English

Ei liti illustrerad Noregs soga fyre folkeskulen (1894) s. 27 skann 29

2 8* »53* * Fredrik den tridje og hans uheppelege ufred med Sverike. 27 Fredrik den tridje og hans uheppelege ufred med Sverike. Fredrik vilde søkja aa vinna tilbake fraa Sverike dei tapte landskap, og det trudde han var lett; for svenskekongen, Karl den tiande Gustav, laag i krig med Polen og hadde sin her standande der. Russland og Austerrike fekk Fredrik til aa paaføra Sverike krig i 1657; men daa var han for myket faatenkt. Danmark var daa i stor skuld, festningarne var forfallne og heren og floten i ustand. I ei snøggvending førde Karl Gustav sin her fraa Polen; fyrr aaret var til endes, hadde han teket heile den jydske halvøyi, og daa det vart ein uvanleg kald vetter, kunde han ganga yver isen til Fyen med sin her og der ifraa vidare yver til smaaøyarne og Sjælland. I Kjøpenhamn vart dei reint som vitskræmde; kong Fredrik maatte gjera fred og giva fraa seg dei norske landskap Baahuslen og Trondheims stift og dei danske landskap Skaane, Halland og Blekinge. Karl Gustav angrad snart, at han ikkje hadde nøytt tilføret og teket heile Danmark og Noreg, og byrjad so ufreden atter. Den svenske kongen kringsette Kjøpenhamn; men han fekk meir motstand, enn han hadde ventat; alle hjelpte til aa verja hovudstaden, jamvel kvinnor var med og arbeidde paa vollarne. I Kjøpenhamn vart det snart matløysa og fæl hunger; men ein hollendsk flote kom Danmark til hjelp; han var so heppen aa sleppa framum Kronborg, som svenskarne hadde teket, og førde mat med til dei innestengde. Endeleg vaagad Karl ein hovudstorm i februar 1659; men han vart driven tilbake med stort tap, og snart kom ein tysk her til hjelp fyre danskarne og vann yver svenskarne. Samstundes hadde nordmennerne drivet svenskarne fraa Trondheim, og byen Halden (Fredrikshald) varde seg fleire gonger manneleg under oberst Tønne Huitfeldt. Karl Gustav døydde 1660, og same aaret kom freden i stand; svenskarne maatte sleppa fraa seg Trondheims stift. Einvaldsmagti. Etter ufreden stod det ynkeleg til med Danmark og Noreg; rikskassa var tom, korkje heren elder - embættesmennerne kunde faa si løn. I denne store naudi kallad
Skann 29 av Ei liti illustrerad Noregs soga fyre folkeskulen (1894)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Ei liti illustrerad Noregs soga fyre folkeskulen (1894), s. 27». Versjon 2026-09-28. /boker/petersen-noregs-soga-1894/s/29/