SKARD English

Ei liti illustrerad Noregs soga fyre folkeskulen (1894) s. 22 skann 24

22 Kristian den andre. vart lyste som ranglærarar, og 2 bispar, 13 riksraadar og riddarar og mange gjæve borgarar vart halshogne paa stortorget i Stokholm. Denne tilgang kallar dei det stokholmske blodbad. No reknad kongen paa at Sverike var i hans vald, og at ingen vaagad aa setja seg imot honom; han vilde so gjera seg til einvaldskonge i alle tri rike, avsette bispar og riksraadar og sette sine lyduge tenarar i deira stelle. Men han misreknad seg. Fyrst reiste svenskarne seg under Gustav Vasa, og danskarne vart i ei snarvending jagade. Herremennerne og bisparne i Danmark reiste seg ogso strakst etter imot Kristian; dei sende honom eit brev og sagde honom upp, og so valde dei hans farbror hertug Fredrik til konge. Kristian miste reint modet og skundad seg til Kjøpenhamn. Han samlad sine brevskap og verdeting, gjekk umbord paa eit skip og siglde til Holland med si dronning og sine smaaborn, 1523. Strakst etter tok svenskarne Gustav Vasa til konge, so no var det ute med sambandet millom dei tri rike. Noreg kom under Danmark. Fredrik den fyrste vart so konge i Danmark og aaret etter i Noreg ogso, og i dette hadde han serleg hjelp av ein dansk adelsmann, Vincens Lunge. Paa den tid byrjad Hans Tausen aa forkynna Luthers læra* i Danmark, og reformasjonen fekk snart god framgang der. Kongen sjølv likad den nye læra og fekk vedteket loger, som tok myket av magti fraa dei danske bisparne. I Noreg vart det eine klostret nedlagt etter det andre, og kongen yvergav baade deim og festningarne i Noreg til danske adelsmenner. Erkebispen Olav Engelbrektson vart rædd yver dette, og han vende seg daa til Kristian den andre, som faafengt hadde søkt aa vinna sine rike atter ved hjelp av framande fyrstar. I 1531 kom han med ein her og flote til Noreg og vart teken til konge der. Hovudsmannen paa Akershus fekk so hjelp fraa Danmark; Kristian tok til aa tinga med danskarne, og med trygdarbrev reiste han til Kjøpenhamn og vilde tala 1) Sjaa verdenshistorien s. 43.
Skann 24 av Ei liti illustrerad Noregs soga fyre folkeskulen (1894)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Ei liti illustrerad Noregs soga fyre folkeskulen (1894), s. 22». Versjon 2026-09-28. /boker/petersen-noregs-soga-1894/s/24/