SKARD English

Ei liti illustrerad Noregs soga fyre folkeskulen (1894) s. 21 skann 23

) ¹ Noreg og Danmark saman mot Sverik. 21 der tapte han i eit slag mot svenskarne. Kristian døydde 1481; i hans seinare aar vart der grunnlagt eit universitet fyre baade landom i Kjøpenhamn. Hans, eldste son hans Kristian, vart konge i Danmark og Noreg, daa far hans døydde. Etter mange aars stræv uppnaadde han ogso aa taka Sverike med vaapenmagt; men sambandet millom dei tri landom vart ikkje langvarugt. Hans vilde taka landskapet Ditmarsken i det vestlege Holstein, men fekk stor usiger: danskarne miste sitt merke, Danebrog, og kongen og hans bror hertug Fredrik bergad seg berre med naudi. Svenskarne gjorde seg daa atter fri og gav seg aldri meir under kong Hans. Kong Hans døydde 1413; han var ein mild og velviljug mann. I kong Hans' tid kom bokprentarkunsti til Danmark; i Kjøpenhamn sette der seg ned bokprentarar, som prentad bøker paa latin og dansk; men til Noreg kom der ingen bokprentar fyrr enn i Kristian den fjorde si tid. Kristian den andre, son til Hans, hadde gode evnar og ein sterk vilje; men han var hard, illgjersk og trulaus. Han vart fostrad, som um han hadde voret borgarfolks barn, og var fyrst i huset hjaa ein vyrdeleg kaupmann i Kjøpenhamn; ved det fekk han fyre heile livet stor kjærleike til borgarstandet. Fyrr enn far hans døydde, hadde han i mange aar styrt Noreg med stor dugleike; men han gjorde alt, han kunde, til aa verta einvaldskonge og leggja Noreg under Danmark. Paa festningarne sette han danskar til hovudsmenner og fekk likeins valt danskar til bispar. Men han gjorde myket fyr dei norske byarne og sette seg imot, at tyskarne skulde hava all handelen, Daa faderen døydde, vart Kristian konge i Danmark og Noreg; men svenskarne vilde ikkje hava honom meir enn far hans, Kristian gjorde fleire herferder til Sverike, men var uheppen i fyrstningi; endeleg vann hans hovudsmann eit stort slag, og svenskarne gav seg under Kristian. Han vart krynt i Stokholm; etterpaa kryningi vart haldet gjestebod, dans og moro i tri dagar; men so vart mange herremenner innkallade til aa møta paa slottet, og her vart det haldet dom yver deim. Dei
Skann 23 av Ei liti illustrerad Noregs soga fyre folkeskulen (1894)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Ei liti illustrerad Noregs soga fyre folkeskulen (1894), s. 21». Versjon 2026-09-28. /boker/petersen-noregs-soga-1894/s/23/