SKARD English

Ei liti illustrerad Noregs soga fyre folkeskulen (1894) s. 23 skann 25

Noreg kom under Danmark. 23 med farbror sin sjølv. Men der vart Kristian fangad og førd. til eit fangehus paa Sønderborg slott paa øyi Alst. Daa Kristian var sett fast, byrjad dei aa tinga med erkebisp Olav, som vart kringsett av ein dansk her paa ei festning Steinviksholm i Stjørdalen. Eit forlik kom i stand, og erkebispen maatte leggja ein stor pengesum i bøter. Daa Fredrik den fyrste døydde snart etter i 1533, vart ikkje dei danske herremenner og bispar forlikte um kongevalet ; herremennerne vilde hava Kristian (den tridje), son hans Fredrik, til konge; men daa han var luthersk, sette bisparne seg imot hans val. Borgararne og bønderne reiste seg og vilde hava Kristian den andre, som sat i fangehuset, og dei fekk hjelp av lybekkarne, som sende greive Kristofer av Oldenborg med ein her til Danmark. Etter honom fekk den krig namnet gretive-ufreden. 1 fyrstningi hadde greiven lukka med seg; men so valde dei jydske herremennerne Kristian den tridje til konge, og hans herførar Johan Ranzau vann slike sigrar, at heile Danmark snart godkjende Kristian som konge. Kjøpenhamn gjorde motstand lengst og var lenge kringsett; men hunger tvingad endeleg byen til aa yvergiva seg i 1536. Med Kristian den tridje vann den lutherske læra siger. Etter erkebisp Olavs raad lagde ikkje nordmennerne seg uppi den danske ufreden. Men daa den lutherske Kristian den tridje byrjad faa yvertaket, vilde erkebispen stydja den katolske læra i Noreg og gjorde løynleg avtala med fiendarne hans Kristian den tridje. Vincens Lunge, som hadde mest aa segja sunnanfjells, stellte seg samstundes paa sida hans Kristian den tridje. Ved joleleite 1535 drog han med sendemenner fraa den danske kongen nord til Trondheim og skulde faa Kristian vald her i landet ogso; men bønderne i Trøndelagen gjorde vill uppreist; dei drap Vincens Lunge og sette dei kongelege sendemenner i fangehuset. Men daa danskarne enno hadde yvertaket synst i Noreg, slepte erkebispen sendemennerne laus atter og gav deim fullmagt 1) Daa 17 aar var lidne, slapp han laus atter og fekk bustad paa Kallundborg slott, og her døydde han 1559, 78 aar gamall.
Skann 25 av Ei liti illustrerad Noregs soga fyre folkeskulen (1894)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Ei liti illustrerad Noregs soga fyre folkeskulen (1894), s. 23». Versjon 2026-09-28. /boker/petersen-noregs-soga-1894/s/25/