SKARD English

Ei liti illustrerad Noregs soga fyre folkeskulen (1894) s. 20 skann 22

20 Dei tri rike sambundne. døydde 1412. Eirik hadde ein lang og uheppeleg ufred baade med dei holsteinske greivar um Slesvik og med hansebyarne; ein tysk flote lende i. Bergen, og tyskarne herjad og brende der, so det var gruvelegt. Der vart stort misnøgje med Eirik, daa han vilde styra alting fraa Danmark. Fyrst sette svenskarne seg upp og negtad honom lydnad; daa dei no ogso i Danmark og Noreg var misnøgde med honom, drog Eirik burt og slo seg ned paa Gotland som sjørøvar (1438). Han livde enno i 20 aar, men kom aldri tilbake til sine rike. Daa Eirik var burte, vart hans systerson Kristofer av Baiern konge i alle tri rike og styrde deim, til han døydde i aaret 1448. Noreg og Danmark saman mot Sverik. Daa Kristofer døydde, vart sambandet millom dei tri rike uppløyst; svenskarne valde seg eigen konge, Karl Knutsson, og so valde ogso danskarne seg eigen konge, Kristian av Oldenborg. I Noreg var ikkje stormennerne samde; sume vilde hava Karl Knutsson til konge, andre vilde hava Kristian. Karl Knutsson kom hit til landet og vart krynt i Nidaros; men han maatte alt aaret etter giva slepp paa Noreg (1450), og so vart Kristian den fyrste vald og krynt. Men Kristian var ingen kraftig konge; altid laag han i krig med svenskom. I Bergen hadde dei tyske kaupmennerne fenget stort velde, og det var, medan Kristian styrde, at dei yverfall hovudsmannen i byen, hr. Olav Nilsson, og drap honom i Munkelivkloster; klostret vart brent, og bispen i Bergen vart drepen ved altaret i klosterkyrkja. Under Kristian miste Noreg sine øyar ved Skotland; for dotter hans vart gift med den skotske kongen, og Kristian sette daa øyarne i pant fyre hennar heimanfylgja; men dei vart aldri innløyste. Daa Karl Knutsson døydde, vilde Kristian vinna Sverike tilbake og drog mot Stokholm; men hava same kongen, at riki skulde hjelpa kvarandre i krig, men at kvart rike skulde verta styrt etter sine eigne loger. Dei sette upp eit brev um dette; men det kom ikkje til nokor full eining millom deim ; seinare heve mange trutt, at der kom ei retteleg avtala istand, og difyre heve dei talat um Kalmar-sambandet 1397.
Skann 22 av Ei liti illustrerad Noregs soga fyre folkeskulen (1894)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Ei liti illustrerad Noregs soga fyre folkeskulen (1894), s. 20». Versjon 2026-09-28. /boker/petersen-noregs-soga-1894/s/22/