SKARD English

Ei liti illustrerad Noregs soga fyre folkeskulen (1894) s. 19 skann 21

* Noreg og Sverike samanbundne. 19 lange tider, fyrr enn Noreg heilt kom seg atter etter den sotti. Nordmennerne vart snart misnøgde, serleg fyredi kongen var i Sverike so lenge um gongen, og nokre aar etter mannadauden maatte han taka son sin, Haakon Magnusson (den yngre), til medkonge. Ei stund vart Haakon konge i Sverike ogso saman med far sin; men dei svenske stormennerne avsette deim baade tvo, daa Haakon mot deira vilje gifte seg med Margreta, dotter til den danske konge Valdemar Atterdag. Sidan tok svenskarne tyskaren Albrekt av Meklenburg til konge (1363). Daa Magnus og Haakon seinare med magt vilde vinna atter Sverike, tapte dei eit slag, og i dette vart Haakon saarad og Magnus fangad. Nokre aar baketter gjorde Haakon paa nytt innfall i Sverike og tvingad Albrekt til aa sleppa faderen laus atter; Albrekt fekk hava Sverike like vel; men samlaget millom Noreg og Sverike var heilt uppløyst. Noreg og Danmark sambundne. Magnus druknad i 1374, og Haakon, son hans, vart so konge aleine. IDaa Valdemar, verfar hans, døydde snart etter, fekk Haakon og Margreta sin son Olav vald til konge i Danmark; daa Haakon døydde i 1380, ervde hans 10 aar gamle son Olav, Noreg og. Soleids vart Noreg og Danmark sambundne, og dette samlaget kom til aa vara i yver 400 aar, til 1814. Olav døydde alt i 1387, berre 17 aar gammall, og daa kongsætti dermed døydde ut, tok dei baade i Danmark og Noreg Marg r eta, mor hans, til aa styra som dronning. Dei tri rike sambundne. I millomtidi hadde svenskarne vortet misnøgde med kong Albrekt; so gjorde dei uppreist mot honom og tok Margreta til styrar. Ho sende ein her til Sverike og fangad Albrekt i slaget ved Falkjøping 1389. Sidan fekk Margreta sin systerdotterson Eirik av Pommern teken til konge i Noreg; han var eit barn den gongen, og nokre aar seinare vart han vald til konge i Danmark og Sverike ogso. I Kalmar vart so Eirik krynt som konge yver alle tri riket., Men Margreta styrde likvel dei tri rike, til ho 1) Til denne høgtidi kom der saman mange stormenner fraa dei tri land, oOæꝝ i møatom deira vart det talat um, at dei tri rike heretter altid skulde "
Skann 21 av Ei liti illustrerad Noregs soga fyre folkeskulen (1894)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Ei liti illustrerad Noregs soga fyre folkeskulen (1894), s. 19». Versjon 2026-09-28. /boker/petersen-noregs-soga-1894/s/21/