SKARD English

Ei liti illustrerad Noregs soga fyre folkeskulen (1894) s. 12 skann 14

12 : Magnus den gode. Tambeskjelvar fekk mest aa segja i styringi, avdi han fostrad Magnus. Svein maatte røma til Danmark, og der døydde han og far hans snart etter, og Hardeknut, bror hans Svein, vart konge i Danmark; han kravde Noreg etter bror sin, og det hadde so nær vortet ufred; men hovdingarne fekk dei unge kongarne forlikte, og det vart fastsett, at dersom ein av deim døydde sonelaus, skulde den, som livde atter, hava baade landi. Magnus refste mange av sin fars uvener so hardt, at bønderne tok til aa knurra. Men Sigvat Skald raadde aalvorleg kongen til aa halda logerna, og Magnus lydde etter det og vart sidan so vensæl, at han fekk tilnamnet den g ode. Hardeknut døydde barnlaus, og etter forliket vart daa Magnus konge i Danmark ogso. Vindarne gjorde den tid h erjeferder til Danmark; men Magnus vann yver deim i eit stort slag paa Lyrskogsheidi ved byen Slesvik. I Danmark sette han Svein Estridson til jarl, endaa hans menner V raadde honom ifraa; men det kom han til aa angra; for Svein N! v ilde vera konge og gjorde uppreist. I denne ufredstidi kom Olavs halvbror Harald Sigurdsson l Noreg. Harald hadde kjempat fyre Olav i slaget ved tiklestad; seinare hadde han voret hovding fyre væringarne hjea den græske kjeisaren i Myklegard (Konstantinopel) og hadde vunnet seg store rikdomar. Deim skifte han med Magnus og fekk i vederlag halve Noreg. Magnus døydde alt aaret etter i Danmark paa ei herferd mot Svein; men fyrr han døydde, gav han Svein Danmark. Harald vart no konge aaleine; men han vilde ikkje sleppa Danmark ifraa seg, og i mange aar gjorde han herjeferder dit kvar sumar. I eit stort sl ag ved Nisaa tapte Svein reint; men til slutt maatte Harald. godkjenna Svein som konge i Danmark likvel. Harald styrde hardt og strengt, og difyre vart han kallad Hardraade. Han let sine menner drepa den megtuge Einar Tambeskjelvar, fyredi han altid sette upp imot kongen. Sidan reiste Harald med ein stor flote til England og skulde hjelpa Toste jarl mot hans bror, den engelske kongen. I fyrstningi hadde
Skann 14 av Ei liti illustrerad Noregs soga fyre folkeskulen (1894)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Ei liti illustrerad Noregs soga fyre folkeskulen (1894), s. 12». Versjon 2026-09-28. /boker/petersen-noregs-soga-1894/s/14/