SKARD English

Ei liti illustrerad Noregs soga fyre folkeskulen (1894) s. 11 skann 13

Slaget ved Stiklestad. 11 Slaget ved Stiklestad. Ei stund seinare kom Olavs gamle ven, Bj ærn stallar, til Gardarike med den bodskapen, at Haakon Eiriksson hadde druknat, og at Noreg soleids var utan hovding. Olav vilde daa vinna Noreg tilbake og fekk hjelp av svenskekongen og sine vener i Noreg; men trænderne samlad seg mannsterke mot honom. Ved Stiklestad i Verdalen møtte han deira her. Tore Hund gjekk fremst i bondeheren med sitt fylgje og ropad: »Fram, fram, bondemenner, og so tok bondeheren ropet upp atter og skaut med piler og spjot. Kongsmennerne ropad no sitt herskrik: »Fram, fram, kristmenner, krc , kong .« Striden vart kvass; mange fall paa baade sidor, kongen sjølv gjekk mannleg fram. Kong Olav hogg til Tore Hund tvert yver akslerna; men sverdet beit ikkje paa reinskufta hans. Kongen sagde daa til Bjørn Stallar: »slaa du hunden, som jarn ikke bit paa.« Bjørn vende øksi um i handi og gav Tore eit slag so hardt, at han rigad; men strakst etter sette Tore Hund spjotet tvert igjenom Bjørn Stallar og sagde: »Soleids drep me bjørn nord i Finnmarki;x det vart hans bane. Strakst etter fekk Olav eit øksehogg i vinstre foten, tett ovanfyre kneet. Daa hallad han seg attaat ein stein, kastad sverdet og bad Gud hjelpa seg. I det same stakk Tore Hund til honom med eit spjot, so det gjekk inn i magen; tilsidst fekk han eit hogg i halsen, og desse tri saari vart hans bane. Kong Olav fallt den 29de juli 1030. Magnus den gode. Daa Olav var fallen, fekk danskarne magti her i landet. Knut den megtuge sette Svein, son sin, til konge; men han og mor hans gav nye loger og styrde so strengt, at der vart stort misnøgje. Mange angrad no, at Olav hadde vortet soleids vanskynad, og folk tok til aa tala um, at Olav var ein heilag mann; dei grov liket hans upp atter og lagde det i eit prydelegt skrin og sette det yver altaret i ei kyrkja i Nidaros. Kort tid etter reiste Noregs gjævaste menner til Russland og hentad Olavs unge son Mag nus heim atter, og Magnus vart konge i Noreg; Einar
Skann 13 av Ei liti illustrerad Noregs soga fyre folkeskulen (1894)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Ei liti illustrerad Noregs soga fyre folkeskulen (1894), s. 11». Versjon 2026-09-28. /boker/petersen-noregs-soga-1894/s/13/