SKARD English

Ei liti illustrerad Noregs soga fyre folkeskulen (1894) s. 13 skann 15

120 * ** ** Olav Kjyrre og Magnus Berrfott. 13 Harald lukka med seg mot engelskmennerne; men so kom der uventande yver honom ei stor mengd med engelskmenner ved Standford-bru, og der fall han, endaa han stridde som ein mann (1066). Harald hadde bygt byen Oslo. ⁸g Olav Kjyrre og Magnus Berrføtt. Olav, son hans Harald Hardraade, vart no konge; han heldt fred med andre rike; É difyre fekk han tilnamnet Kjyrre (den rolege). Han var ein dugeleg konge og hjelpte fram handelen, som byarne dreiv med utlandet. Han grunnlagde byen Bergen, som snart vart den største handelsbyen i Noreg; til Bergen drog nordlendingarne sidan med fisken sin kvar sumar, og hit kom skiperar fraa andre land og kaupte fisken. Olav var ein gudfrygtig mann, innsette bispar og prestar og bygde mange kyrkjor. Han døydde paa sotteseng (1093). Hans son Magnus Berrføtt vart so konge; hadde faderen voret fredsam, so var sonen beint imot. Fyrst gjorde han ei herferd til Orknøyarne og Sudrøyarne ved Skotland, som alt Harald Haarfagre hadde teket, og lagde deim heilt under seg. Dernæst hadde han ufred med Sverike, og endeleg gjorde han ei herferd til Irland og fall der (1103). Han vVart kallad Berrføtt, avdi han og hans menner gjekk klædde liksom skottarne med korte kjolar utan brøker: Sønerne hans Magnus Berrføtt. Daa Magnus fall, vart Øystein og Sigurd, sønerne hans, kongar i Noreg. Den tid drog folk fraa dei sudre landom i Europa paa krossferder og vilde vinna det »heilage landetx atter fraa muhamedanarne!), Sigurd gjorde ogso ei namnspurd krossferd, hjelpte kongen af Jerusalem med aa taka byen Sidon, var i Konstantinopel og kom ikkje heim atter, fyrr han hadde voret burte paa det fjorde aaret. Etter det vart han kallad med tilnamnet Jørsala far (jerusalemsfarar). Kong Øystein styrde riket med klokskap og milda; han fekk istand fjellstovor paa Dovrefjell, bygde kyrkjor, kloster og hamnar, lagde Jamtland under Noreg og betrad logerna. Sigurd livde lengst av brødrom; i sine 1) Sjaa verdenshistorien s. 34.
Skann 15 av Ei liti illustrerad Noregs soga fyre folkeskulen (1894)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Ei liti illustrerad Noregs soga fyre folkeskulen (1894), s. 13». Versjon 2026-09-28. /boker/petersen-noregs-soga-1894/s/15/