SKARD English

R94 · Norsk · plan 1993 · 1998-merket vitne s. 20 skann 23

Feil! Fant ikke referansekilden. Mål 15 Språk-og kommunikasjonslære Elevane skal ha kunnskap om norsk språkutvikling og språkvariasjon Hovudmoment Elevane skal ha kunnskap om norsk språkhistorie frå ca. 1900 og fram til i dag ha kunnskap om dei viktigaste målmerka og kunne bruke dei i heimfesting av dialektar Elevane skal ha lese ca. 5 ulike dialektprøver med dette siktemålet ha kunnskap om sosial variasjon i språket ( t.d. sosiolektar, gruppespråk og fagspråk ) ha kunnskap om stilistikk og tekstsamanbinding og kunne nytte denne kunnskapen i arbeidet med tekst og språk ha kunnskap om argumentasjonsteknikk og kunne nytte denne kunnskapen i tekstanalyse og arbeidet med tekstar ha noko kunnskap om viktige skilnader mellom norsk og andre nordiske språk Mål 16 Litteratur Elevane skal ha god kunnskap om og oversyn over norsk litteratur på 1900-talet, og tekstane skal setjast inn i ein samfunnssamanheng. Elevane skal ha noko kunnskap om annan nordisk litteratur. I nokon grad kan ein og trekkje inn tekstar frå verdslitteraturen Hovudmoment Elevane skal ha lese og kunne gjere greie for eit utval skjønnlitteratur og sakprosa i begge målformer frå 1900-talet. Både kvinnelege og mannlege forfattarar skal vere representerte. Tekstutvalet skal vise viktige tendensar, problemstillingar og utviklingslinjer i perioden. Ein roman eller eit drama, eit representativt utval korte prosatekstar (skjønnlitteratur og sakprosa) og eit representativt utval lyrikk skal vere med. Minst åtte av av desse forfattarane bør vere representerte i utvalet av tekstar: Knut Hamsun, Sigrid Undset, Olav Duun, Johan Falkberget, Kristofer Uppdal, Oskar Braaten, Sigurd Hoel, Cora Sandel, Aksel Sandemose, Nordahl Grieg, Herman Wildenvey, Olaf Bull, Olav Nygard, Arnulf Øverland, Rudolf Nilsen, Rolf Jacobsen, Halldis Moren Vesaas, Inger Hagerup, Aslaug Vaa, Tor Jonsson, Alf Prøysen, Tarjei Vesaas, Johan Borgen, Torborg Nedreaas, Jens Bjørneboe og Olav H. Hauge ha god kunnskap om litterær analyse ha lese eit utval av danske og svenske tekstar og ein islandsk tekst i original
Skann 23 av R94 · Norsk · plan 1993 · 1998-merket vitne
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 36

Siter

Læreplanatlas. «R94 · Norsk · plan 1993 · 1998-merket vitne, s. 20». Versjon 2026-09-28. /planer/r94/r94-norsk-felles-1993/s/23/