SKARD English

R94 · Norsk · plan 1993 · 1998-merket vitne skann 2 skann 2

Forord Læreplanverket for vidaregåande opplæring omfattar all opplæring under lov om vidaregående opplæring lov om fagopplæring i arbeidslivet Læreplanverket er samansett av to delar: Læreplan, generell del, for grunnskole, vidaregåande opplæring og vaksenopplæring Generell del fastset overordna mål og retningslinjer for den samla verksemda i grunnskole og vidaregåande opplæring Læreplanar for vidaregåande opplæring Denne læreplanen omfattar det felles allmenne faget norsk for grunnkurs og vidaregåande kurs I i yrkesfaglege studieretningar og for grunnkurs, vidaregåande kurs I og II i dei andre studieretningane. Denne planen skal gå inn som ein del av læreplanane for dei ulike opplæringsløpa. Når læreplanane for alle utdanningsløpa er klare, vil dei enkelte delane bli sette saman til ein læreplan for kvart utdanningsløp. Det vil innebere at ein må gjere enkelte justeringar i kapittel 1 og i vedlegga. I samband med desse justeringane vil ein også vurdere om det er element i læreplanane som overlappar kvarandre. Før den endelege planen ligg føre, vil han bli språkleg gjennomgått. Metodiske rettleiingar og annan informasjon om vidaregåande opplæring vil bli utgitt separat. Departementet reknar med at skolane gjennom ein overgangsperiode på fem år frå 01.08.94 skaffar seg nødvendig utstyr til å kunne bruke informasjonsteknologi i opplæringa. Denne læreplanen er mellombels fastsett inntil dei endelege læreplanane for dei enkelte utdanningsløpa i studieretningane er klare. Kyrkje-, utdannings-og forskingsdepartementet 15.10.93
Skann 2 av R94 · Norsk · plan 1993 · 1998-merket vitne
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R94 · Norsk · plan 1993 · 1998-merket vitne, skann 2». Versjon 2026-09-28. /planer/r94/r94-norsk-felles-1993/s/2/