SKARD English

R94 · Norsk · plan 1993 · 1998-merket vitne s. 14 skann 17

Feil! Fant ikke referansekilden. Hovudmoment Elevane skal ha grunnleggjande kunnskap om rettskriving, formverk og språkføring i hovudmål og sidemål ha grunnleggjande kunnskap om ordlære og setningslære, og kunne nytte denne kunnskapen i arbeidet med språk og tekst kjenne stilistiske omgrep som er nødvendige i tekstanalyse kjenne dei viktigaste elementa i språkleg kommunikasjon og kunne bruke denne kunnskapen i praktisk arbeid med språket ha kunnskap om skriftspråksituasjonen i Noreg, som tilhøvet mellom nynorsk og bokmål, offentleg målbruk, påverknad frå andre språk og nydanningar i språket vårt kjenne ulike variantar av talemålet med utgangspunkt i eige miljø (dialektar, sosiolektar, fagspråk, gruppespråk og slang) Mål 4 Litteratur Elevane skal ha kunnskap om norsk litteratur i ulike sjangrar med hovudvekt på litteratur frå tida etter 1940. I nokon grad kan ein også trekkje inn tekstar frå andre nordiske land og frå verdslitteraturen. Det er eit mål at arbeidet med litteraturen skal skape interesse for og glede over å lese litteratur Hovudmoment Elevane skal ha lese og kunne gjere greie for eit utval av nyare norsk skjønnlitteratur og sakprosa i begge målformer. Omsett samisk litteratur skal vere med i utvalet. I utvalet av tekstar skal både kvinnelege og mannlege forfattarar vere representerte. Desse sjangrane skal vere med i utvalet: ~ Ein roman ~ Ein dramatisk tekst (lese el. sjå) ~ Eit representativt utval av noveller ~ Eit representativt utval av dikt ~ Eit variert utval av sakprosatekstar ha kunnskap om grunnelement i tekstanalyse og kunne påvise og vurdere bruken av enklare stilistiske verkemiddel ha noko kunnskap om sentrale forfattarar i samband med dei litterære tekstane og ha oversyn over perioden etter 1940 Mål 5 Massemedium
Skann 17 av R94 · Norsk · plan 1993 · 1998-merket vitne
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 10

Siter

Læreplanatlas. «R94 · Norsk · plan 1993 · 1998-merket vitne, s. 14». Versjon 2026-09-28. /planer/r94/r94-norsk-felles-1993/s/17/