SKARD English

R94 · Norsk · plan 1993 · 1998-merket vitne s. 11 skann 14

Feil! Fant ikke referansekilden. Mål 4 Litteratur Elevane skal ha kunnskap om norsk litteratur i ulike sjangrar med hovudvekt på litteratur frå tida etter 1940. I nokon grad kan ein også trekkje inn tekstar frå andre nordiske land og frå verdslitteraturen. Elevane skal vidareføre arbeidet med litteratur frå modul 1 Hovudmoment Elevane skal ha lese og kunne gjere greie for eit utval av nyare norsk skjønnlitteratur og sakprosa i begge målformer. Omsett samisk litteratur skal vere med i utvalet. I utvalet av tekstar skal både kvinnelege og mannlege forfattarar vere representerte. Desse sjangrane skal vere med i utvalet: ~ Ein roman ~ Eit representativt utval av noveller (vidareføring av arbeidet frå modul 1) ~ Eit representativt utval av dikt (vidareføring av arbeidet frå modul 1) ~ Eit variert utval av sakprosatekstar, gjerne med tema frå yrkeslivet (vidareføring av arbeidet frå modul 1) ha kunnskap om grunnelement i tekstanalyse og kunne påvise og vurdere bruken av enklare stilistiske verkemiddel ha noko kunnskap om sentrale forfattarar i samband med dei litterære tekstane og ha oversyn over perioden etter 1940 Mål 5 Massemedium Elevane skal ha noko kunnskap om massemedium som kulturformidlarar Hovudmoment Elevane skal ha noko kunnskap om massemedium som kulturformidlarar og korleis ulike medium (t.d. radio, fjernsyn og film) formidlar språk og tekst etter 1940. Mål 6 Studieteknikk Elevane skal utvikle gode arbeidsmåtar i faget med vekt på å kunne arbeide meir sjølvstendig og kunne overføre denne kunnskapen til arbeidet med andre fag Hovudmoment Elevane skal kunne nytte biblioteket meir sjølvstendig for å finne fram til stoff dei treng kunne nytte ulike arbeidsformer i faget, til dømes prosjektarbeid kjenne til korleis ein utviklar, byggjer opp, endrar og skriv ferdig ein tekst, og kunne nytte denne kunnskapen i arbeidet med eiga skriving, gjerne med bruk av tekstbehandling der det praktisk ligg til rette for det
Skann 14 av R94 · Norsk · plan 1993 · 1998-merket vitne
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 11

Siter

Læreplanatlas. «R94 · Norsk · plan 1993 · 1998-merket vitne, s. 11». Versjon 2026-09-28. /planer/r94/r94-norsk-felles-1993/s/14/