SKARD English

R94 · Norsk · plan 1993 · 1998-merket vitne s. 8 skann 11

Feil! Fant ikke referansekilden. Mål 4 Litteratur Elevane skal ha kunnskap om norsk litteratur i ulike sjangrar med hovudvekt på litteratur frå tida etter 1940. I nokon grad kan ein også trekkje inn tekstar frå andre nordiske land og frå verdslitteraturen. Det er eit mål at arbeidet med litteraturen skal skape interesse for og glede over å lese litteratur Hovudmoment Elevane skal ha lese og kunne gjere greie for eit utval av nyare norsk skjønnlitteratur og sakprosa i begge målformer. Omsett samisk litteratur skal vere med i utvalet. I utvalet av tekstar skal både kvinnelege og mannlege forfattarar vere representerte. Desse sjangrane skal vere med i utvalet: ~ Ein dramatisk tekst (lese el. sjå) ~ Eit representativt utval av noveller (ca. halvparten av utvalet i modul 1, resten i modul 2) ~ Eit representativt utval av dikt (ca. halvparten av utvalet i modul 1, resten i modul 2) ~ Eit variert utval av sakprosatekstar, gjerne med tema frå yrkeslivet (ca. halvparten av utvalet i modul 1, resten i modul 2) ha kunnskap om grunnelement i tekstanalyse og kunne bruke denne kunnskapen når ein arbeider med litteratur ha noko kunnskap om sentrale forfattarar i samband med dei litterære tekstane Mål 5 Massemedium Elevane skal ha noko kunnskap om massemedium som informasjonskjelde Hovudmoment Elevane skal ha noko kunnskap om viktige massemedium (t.d. bøker, aviser, tidsskrift, vekeblad, radio, fjernsyn og film) og korleis dei påverkar oss -ha kunnskap om viktige trekk ved reklame og vanlege verkemiddel i reklametekstar
Skann 11 av R94 · Norsk · plan 1993 · 1998-merket vitne
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 8

Siter

Læreplanatlas. «R94 · Norsk · plan 1993 · 1998-merket vitne, s. 8». Versjon 2026-09-28. /planer/r94/r94-norsk-felles-1993/s/11/