SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve) s. 362 skann 364

Framandspråk 362 Grunnkurs i B-språk Elevane skal lese i alt ca. 100 sider utover tilrettelagde tekstar over to år fordelt med om lag halvparten på kvart år. Arbeidsmåtane må bli noko forskjellige frå kurset i C-språk, sjølv om målet er det same. Det vil vere naturleg for B-språket å bruke noko tid det første året til repetisjon. Ein kan t.d. bruke særskilt tilrettelagt overgangsstoff eller gå langsamt fram i eit læreverk som byggjer på eit begynnarkurs (B-språkverk). Det er viktig at lærestoffet verkar motiverande for elevane og gir dei lyst til å lære framandspråk. Ved lesinga må ein tilpasse graden av fordjuping til eigenarten av stoffet ein les. Arbeidsstoffet skal innehalde både skjønnlitteratur og sakprosa. Minimum ein tredel og maksimum halvparten bør vere sakprosa. Ein del av sakprosaen må handle om daglegliv, kultur- og samfunnsforhold i tysktalande land. Dei skjønnlitterære tekstane bør omfatte både prosa og poesi og i første rekkje vere frå det 20. hundreåret. Elevane bør lese tekstar frå heile det tysktalande området. RUSSISK I kurs på 5 + 5 timar i 2. og 3. året bør det aktive ordforrådet liggje på 1000-1500 ord. I kurset på 5 + 5 timar bør elevane kunne lese ein del tekstar, ca. 20-30 sider, i tillegg til det stoffet som finst i begynnarbøkene. Kor mykje elevane kan lese i tillegg til stoffet i begynnarbøkene, vil variere alt etter forholda i klassen og etter kva lærebøker dei bruker. I C-språkkurset vil det meste av dei to første åra måtte brukast til å gå gjennom eit læreverk for begynnarar. I kurs på 4 + 4 timar i 1. og 2. året bør det aktive ordforrådet liggje på 800--1300 ord. Deretter er det viktig at ein legg opp til ein progresjon som fører fram til nivået for språket som felles allment fag, det vil seie nivået som er felles for C-språk (4 + 4 + 4) og grunnkurs B-språk (4 + 4). Det er viktig at lærestoffet verkar motiverande for elevane og gir dei lyst til å lære framandspråk. Ved lesinga må ein tilpasse graden av fordjuping til eigenarten av stoffet ein les. Arbeidsstoffet skal innehalde både skjønnlitteratur og sakprosa. Minimum ein tredel og maksimum halvparten bør vere sakprosa. Ein del av sakprosaen må handle om daglegliv, kultur- og samfunnsforhold i Sovjetunionen. Dei skjønnlitterære tekstane bør omfatte både prosa og poesi og i første rekkje vere frå det 20. hundreåret. Elevane les ca. 60 sider utover begynnarbøkene. C-språk (0 + 5 + 5) C-språk (4 + 4 + 4)
Skann 364 av R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve), s. 362». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1992-komplett/s/364/