SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve) s. 23 skann 25

Norsk (4-5-5) i studieretning for allmenne fag 23 B. LITTERÆRE HOVUDPUNKT Litteraturlesinga på det 2. årssteget har to hovudfunksjonar. Ho skal gje elevane oppleving, litteraturhistorisk oversyn og samanheng. Stoffet skal ein i hovudsak ta frå tida før 1900 og stort sett lese det som oversiktslesing. (Om oversiktslesing, sjå side 27.) Det stoffet som er ført opp under a, er kjernestoff. Stoffet under b er meint anten som supplement for heile klassen, ekstralesing for grupper i klassen eller individuell tilvalslesing. Stoffet under b kan ein også hente frå litteraturen i andre land, og frå ulike genrar som t.d. dokumentarlitteratur, kriminallitteratur, biografiar, populærvitskaplege skrifter, science fiction og reiseskildringar. Anten a 1 Mellomalder og folkedikting: Eit prosaverk (t.d. (utdrag av) ei ættesoge eller utdrag frå Snorres Kongesoger el- ler frå Gylfaginning) (ca. 10 s.) Eit eddakvad eller utdrag frå eit eddakvad Ei folkevise Eventyr og segner (10 s.) Dansk-norsk felleslitteratur: 1-2 dikt (eller prosastoff i tilsvarande omfang) Det 19. hundreåret: Eit større verk Eit utval dikt (5-10 s.) Eit utval korte tekstar (ca. 50 s.) Eller a 2 Mellomalder og folkedikting: Ei ættesoge (eller tilsvarande prosastoff) (ca. 10 s.) Eventyr og segner eller ei folkevise (5 s.) Dansk-norsk felleslitteratur: 1-2 dikt (eller prosastoff i tilsvarande omfang) Det 19. hundreåret: Eit verk Eit utval dikt (ca. 5 s.) Det 20. hundreåret: Eit utval korte tekstar (ca. 50 s., sakprosaen skal vere ca. 1/5 eller meir) Både for a 1 og a 2 gjeld at arbeidet med litteraturhistoria må skje i samband med tekstlesinga.
Skann 25 av R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 12

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve), s. 23». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1992-komplett/s/25/