SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve) s. 122 skann 124

Norsk og kommunikasjon, VK II i studieretning for handel og kontor 122 Eit av måla for norskfaget er å gi opplæring i god språkbruk. Men «god språkbruk» er ikkje eit eintydig omgrep. Den språklege uttrykksmåten vil bli styrt av situasjonen som språket verkar i, og av emne, innhald, føremål og tilhøvet mellom den som gir uttrykk for noko og den som tek imot. I denne planen er alt dette kalla kommunikasjon. 3.1 .2. Munnleg bruk av språket Munnleg norsk vil dekkje mange ulike aktivitetar. Det er viktig at aktivitetane i den munnlege delen av faget blir sedde på som ein del av læringsprosessen og ein del av det daglege skolearbeidet. Ein tenkjer t.d. på - å kunne gjere greie for saksforhold og samanhengar, som t.d. å føre fram eit resonnement og kunne gje eit oversyn - å kunne gje att fritt noko ein har lest, høyrt eller opplevd, som t.d. oppleving av litterære tekster - å kunne ta del i aktivitetar og samarbeidsmåtar i grupper — å kunne førebu foredrag og ta del i ordskifte - å nytte talemål og kunne tolerere talemål og godta dette som ei naturleg uttrykksform, og som ein vesentleg del av den einskildes identitet - å ta imot og nytte informasjon i ulike situasjonar - å få ei gruppe elevar eller klassen til å planleggje og gjennomføre større tilskipingar, som t.d. større møte og opplegg for ordskifte. 3.1 .3. Skriftleg bruk av språket Målet for dei skriftlege øvingane er å gi den einskilde eleven høve til å skaffe seg tame i å uttrykkje skriftleg sine tankar, meiningar og kjensler på ein klår, logisk og mest mogleg korrekt måte. Her må ein byggje på dei føresetnader eleven har frå før i morsmålet. I dette arbeidet kan det vere naudsynt med ein del skriftlege formaløvingar. Argumentanalyse og forholdet mellom utsegner og sakstilhøve må få stor plass i desse øvingane. Dette gjeld for læringa i begge målformer. Den skriftlege opplæringa må ta sikte på å øve opp elevane sine analytiske evner. Hovudmengda av øvingane bør difor leggje vekt på resonnerande framstillingar av ymse slag. Slike oppgåver kan t.d. gå ut på å vurdere, eventuelt kommentere ei sak eller eit problem med utgangspunkt i ei tekst. Det kan og vere tale om å samanlikne to tekster etter emne og innhald og dra konklusjonar på eigne vilkår eller på vilkår som er sette opp for elevane. Eit oppgjeve tekstmateriale kan og vere grunnlag for eit fritt forma essay, eit innlegg i ordskifte eller eit kåseri. Oppgåvene kan og vere vanlege frie stilar. Slike oppgåvetypar steller krav til mognad, forståing og oversyn. Ein bør difor leggje noko mindre vekt på kor langt oppgåvesvaret er og heller la innhald og klare formuleringar telje meir.
Skann 124 av R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve), s. 122». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1992-komplett/s/124/