SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve) s. 108 skann 110

Norsk vidaregåande kurs I i studieretning for handel og kontor 108 Kjennskap til språkutviklinga i landet vårt er dessutan ein del av allmenndanninga. 4. ARBEIDSMÅTAR 4.1 . Arbeidet med faget Elevane vil ha ulike føresetnader når det gjeld evner og mognad. Ein må også rekne med ei spreiing i alder og røynsle, bl.a. fordi ein del av elevane kan ha vore kortare eller lengre tid ute i yrkeslivet før dei held fram med skolegangen sin. Det er viktig at ein let dei ulike røynslene elevane har, kome til nytte i samarbeidet om å velje oppgåver og emne. Elevane kan på den måten fylle ut kvarandre, samtidig som dei utviklar toleranse og evne til samarbeid. Dei bør få noko øving i å arbeide i grupper. Denne arbeidsmåten set store krav til sjølvdisiplin, og det blir ei viktig side ved undervisninga å lære elevane å arbeide under eige ansvar, ikkje minst når dette arbeidet går føre seg i grupper. 4.2. Arbeidsformer Når ein vel arbeidsformer, må ein ta omsyn til kva slags stoff ein skal ta opp, kor omfattande det er, kva for føresetnader elevane har, tida ein rår over, rom, utstyr og andre arbeidstilhøve på skolen. Berre læraren i samråd med elevane har god nok oversikt over desse og andre tilhøve ved skolen. Saman med elevane må ein derfor finne fram til kva for arbeidsformer som høver best for dei enkelte delemna. Men ein vil gjerne streke under den verdien det har å knyte kontakt med personar og institusjonar utanfor skolen. Det kan ein ordna med at ein intervjuar folk på arbeidsplassane. Elevane kan førebu slike intervju i grupper og leggje fram og diskutere resultata seinare. 4.3. Undervisningsformer Læraren og elevane samarbeider om ein framdriftsplan for undervisninga og om skifte mellom ulike undervisningsformer, slik at opplegga blir faste og målretta. Elevane bør lære å vurdere samanhangen mellom innhald og undervisningsform. Her er nokre hovudkrav til alle undervisningsformene som ein bruker: - undervisninga må varierast mest mogleg - det må skapast ein positiv atmosfære i arbeids- og læresituasjonen - undervisninga må vere godt organisert med tanke på emne, hjelpemiddel og arbeidsformer - stoffet må presiserast eller demonstrerast så klart og konkret som mogleg - elevane må stimulerast til å vere aktive - elevane må få høve til å avklare stoffet og summere opp røynslene frå læreprosessen.
Skann 110 av R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve), s. 108». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1992-komplett/s/110/