SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1985 (4. utgåve) s. 65 skann 69

65 fram korleis eit samfunn fungerer, og kva for krefter som verkar i det. Undervisninga bør ta sikte på å utvikle toleranse og respekt for meiningar tru og levevis hos andre også i global samanheng. Ein bør bruke massemedium i undervisninga for å øve elevane opp til sjølvstendig og kritisk å vurdere dei informasjonskjelder som finst i eit samfunn. Undervisninga bør øve elevane opp i å bruke ulike arbeidsmåtar, både individuelt og saman med andre. 3. EMNEPLAN 3.1 Utvalet av arbeidsstoff Arbeidsstoffet må vere slik at elevar med ulike føresetnader kan arbeide med det. Det må kunne engasjere elevane ved at det er nyttig, aktuelt eller ligg innanfor deira interessefelt og tek omsyn til elevar frå ulike studieretningar og linjer. 3.2 Emneliste 1. NORSK MUNNLEG OG SKRIFTLEG A. Munnleg bruk av språket Samtale (i klasse eller gruppe) Diskusjon (med og utan førebudde innlegg) Presentasjon av rapportar og referat Enkle foredrag Høgtlesing B. Skriftleg bruk av språket Alle språklege oppgåver tek sikte på å øve opp uttrykksevna og å øve elevane i rettskriving, teiknsetjing 0.1. Arbeidet med skriftleg norsk omfattar også at ein arbeider med det utvalet av emna nedanfor som er mest nyttig for kvar studieretning og klasse: Brev Søknader Rapportar, referat, meldingar I tillegg skal elevane arbeide med andre skriftlege framstillingsformer som t.d. skildring, forteljing, utgreiing eller avisinnlegg. For å styrkje elevane språkleg bør ein leggje ei viss vekt på å gjere dei kjende med ein del abstrakte ord og vanlege framandord, særleg slike ord som ofte vert nytta i samfunnsdebatt og i omtalen av dei politiske prosessane. Av omsyn til den språklege sjølvkjensla til elevane bør ein også ta
Skann 69 av R76 · Kjernefag, vgs · 1985 (4. utgåve)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 7

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1985 (4. utgåve), s. 65». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1985-komplett/s/69/