SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1985 (4. utgåve) s. 63 skann 67

Dessutan: Skoleordbok, samisk norsk/norsk samisk Audiovisuelt materiell Læreverket bør innehalde alt lærestoff for undervisninga i nordsamisk. Elevar med morsmålsundervisning tek til med del 11, men dei kan også bruke del I som hjelpebok og grammatikk, mens elevar med framandspråkundervisning tek til med del I, og i tillegg får eit høveleg utval av lærestoff frå dei andre delane. Når undervisninga i nordsamisk tek til i vidaregåande skole, må ein i den første tida bruke dei læremidla som ein har brukt før i undervisninga i samisk som sidemål. I undervisninga i sørsamisk og lulesamisk må ein i første omgang lage materiell som omfattar bolkane I 111 ovanfor. Ein treng skoleordboker også for desse språkformene. \ 5. Læreplan. Del 2
Skann 67 av R76 · Kjernefag, vgs · 1985 (4. utgåve)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1985 (4. utgåve), s. 63». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1985-komplett/s/67/