SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1985 (4. utgåve) s. 28 skann 32

28 B. LITTERÆRE HOVUDPUNKT 1 og 2, og anten 3 eller 4 er kjernestoff. 1. Det 20. hundreåret Ein roman eller eit drama Eit utval noveller, essay og sakprosa (ca. 20 s.)' Eit utval dikt (10 s.) 2. Litteratur frå andre land Svensk litteratur i original (ca. 20 s.) Dansk litteratur i original (ca. 20 s.) (Om ein ønskjer det, kan ein ta dei 20 sidene frå heile verk.) Eitt verk (eller 40 s. korte tekstar) frå ikkjenordisk litteratur (i omsetjing) (Stoff frå pkt. 2 er ikkje bunde til nokon bestemt litterær periode eller genre.) Anten 3 Periodestudium (epokestudium) (T.d. mellomalderen, dansk-norsk felleslitteratur, periodar i det 19. eller 20. hundreåret) Utvalet av litteratur må vere så omfattande at det fangar inn vesentlege sider ved den perioden (epoken) eleven vel. Utvalet skal ein lese dels som fordjupingslesing, dels som oversiktslesing. Eller 4 Tema-, genre- eller forfattarstudium. Utvalet av litteratur må vere så omfattande at det fangar inn vesentlege sider ved det temaet/den genren/den forfattarskapen eleven vel. Utvalet skal ein lese dels som fordjupingslesing, dels som oversiktslesing. Arbeidet med litteraturhistoria skjer i tilknyting til tekstlesinga. Dei elevane som ikkje har fått innføring i filmkunnskap og filmforstå- ing på det 1. eller 2. årssteget, kan byte det litterære periode-; tema-, genre- eller forfattarstudiet ut med ei innføring i filmkunnskap og filmforståing. Eit anna alternativ til periode-, tema-, genre- eller forfattarstudiet er nemnt under det 3. årssteget, 111. Språkkunnskap, pkt. 3. Med oversiktslesing meiner ein at eleven skal kjenne grunntrekka av verket slik at han kan gje att hovudinnhaldet i det og plassere det i litteraturhistorisk og tematisk samanheng og avgjere kva for genre det høyrer til. C. ARBEIDSTEKNIKK / Som for det 2. årssteget. 3.3. Kommentarar til emnelistene Dersom arbeidet med faget ut frå emnelistene ovanfor skal ha nokon \erdi, er det viktig med eit stofftilfang som er breitt og variert i presentasjo.nsmåte
Skann 32 av R76 · Kjernefag, vgs · 1985 (4. utgåve)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 8

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1985 (4. utgåve), s. 28». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1985-komplett/s/32/