SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1985 (4. utgåve) s. 173 skann 177

173 VALFAG I 2. ELLER 3. ÅRET 2-timars kurs i ein del spesielle matematiske emne som databehandling, differensiallikningar, matematisk logikk, projeksjonsteikning, sannsynsrekning, rekkjer, komplekse tal, matriser og determinantar, matematikkhistorie, kjeglesnittslære, relativitetsteori og matematikk for økonomar. 1.2. Overgangstilbod og samanhengen mellom kursa Etter planen skal det vere tilbod om 5-timars kurs i alle tre åra i studieretning for allmenne fag i den vidaregåande skolen. Elevane kan slutte av opplæringa si i faget etter 1., 2. eller 3. året. For dei elevane som les matematikk i meir enn eitt år, må ein leggje forholda til rette for ei mest mogeleg samanhangande opplæring over to eller tre år. 5-timarskurset i 1. året (IMA) er delt i eit kjernestoff og eit tilvalsstoff. Tilvalsstoff som er tilpassa yrkesfag eller bestemte vidaregåande kurs i matematikk, vil ein kunne leggje meir vekt på etter kvart som elevane får klare planane sine utover i året. 2. MÅL Gjennom arbeidet med faget matematikk skal elevane få nødvendig kunnskap og dugleik både når det gjeld den utdanningsvegen som er vald, og dei behov som er vanlege i eit moderne samfunn god kjennskap til grunnleggjande emne og omgrep i faget forståing for matematiske problemstillingar og matematisk metode forståing for kva matematikken har å seie for utviklinga i vitskap og teknikk x så gode føresetnader som mogeleg for sjølvstendig å kunne arbeide vidare med faget. Kommentarar til målet Målet for matematikkopplæringa vil variere litt alt etter den utdanningsvegen elevane vel. Omsynet til andre fag i den vidaregåande skolen får derfor konsekvensar for kva for emne ein vel, og kva for rekkjefølgje emna skal ha. Når ein skal framstille matematikken som reiskapsfag, kan det bl.a. skje ved hjelp av døme frå ulike område der matematikken blir brukt. Emneutvalet må leggje grunnlaget for variert bruk, men det må i fø-rste rekkje bli dei faga som bruker matematikk, som får dra nytte av den reiskapen som elevane lærer å kjenne i matematikktimane. Den vidaregåande skolen skal også førebu elevane for seinare studium av matematikk og andre fag. Dette er grunnlaget for dei kompetansekrava
Skann 177 av R76 · Kjernefag, vgs · 1985 (4. utgåve)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1985 (4. utgåve), s. 173». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1985-komplett/s/177/