SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1985 (4. utgåve) s. 152 skann 156

152 6. HJELPEMIDDEL Dei hjelpemidla som blir brukte i språkopplæringa, må kunne bidra til å realisere desse tre hovudintensjonane i fagplanen: - effektiv fagleg læring - differensiert undervisningsopplegg - øving i ulike former for sjølvstendig arbeid og samarbeid. Dette stiller særlege krav både til dei hjelpemidla eleven må ha, og til det lærestoffet og utstyret skolen må ha. Lærestoffet må omfatte desse hovudtypane av stoff: - eit godt utval av klassesett (eller gruppesett) og enkeltbind av skjønnlitteratur, eventuelt i tilpassa (adapterte) utgåver - eit godt utval av fagprega eller orienterande stoff for ulike nivå i klassesett eller enkelthefte - eit høveleg utval av inntalt språkstoff, skjønnlitteratur, sakprosa, spesielt stoff for å øve opp evna til å forstå tale osv. - aviser, tidsskrifter og oppslagsverk. Dei tekniske hjelpemidla som skolen bør ha, omfattar - lydbandopptakar og/eller kassettspelar for fellesundervisning i klassen og for gruppearbeid eller individuelt arbeid - skriveprojektor ("overheadprojector") - filmapparat, filmband/biletprojektor, fjernsynsapparat - eventuelt språklaboratorium. Det er avgjerande for ei effektiv utnytting av dei hjelpemidla som skolen rår over, at dei er ordna og i god stand, slik at ein kan setje dei inn i undervisninga straks det er behov for dei. Hjelpemidla for språkundervisninga må ein samle på ein sentral stad på skolen, slik at det ikkje blir for tungvint eller tidkrevjande å transportere materiellet. I klasserom som blir brukt til språkundervisning, bør det vere fast bandopptakar/kassettspelar med ekstra høgtalar, skriveprojektor med lerret, lettvint tilkopling til andre projeksjonsapparat og enkelt blendingsarrangement. For å kunne realisere ei differensiert undervisning er det avgjerande at læraren har gode hjelpemiddel og høve til å bruke grupperom og individuelle studieplassar.
Skann 156 av R76 · Kjernefag, vgs · 1985 (4. utgåve)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1985 (4. utgåve), s. 152». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1985-komplett/s/156/