SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1985 (4. utgåve) s. 118 skann 122

118 3.3 Kommentar til emnelista 3.3.1 Språkkunnskap Opplæringa i språkkunnskap tek sikte på å utvikle forståing av språk og språklege virkemiddel. Denne opplæringa bør vere mest mogleg praktisk. Dei teoretiske kunnskapane som er nødvendige, må tene til å stø den praktiske språkbruken. Dei skal ikkje vere noko mål i seg sjølve. Den språklege analysen bør ikkje vere for omstendeleg. Den skal lære elevane å forstå den rolla språket spelar i kommunikasjonen. Dei må få innsyn i kva som kan verke inn på Ordleggingsmåtane til sendaren og i korleis bodskapen blir tolka hos mottakaren. Dette krev ei elementær innføring i ymse språkfunksjonar, i skilnaden på sakleg og usakleg språkbruk og i korleis skrivesituasjonen verkar inn på språkbruken. 3.3.2 Litteraturlesing Det blir ikkje sett faste krav som seier at visse diktarar og litterære epoker skal vere med i litteraturutvalet. Det er viktigare å finne fram til lesestoff som ein trur kan verke engasjerande' på elevane i livssituasjonen deira, enn å lese eit litteraturhistorisk representativt utval skjønnlitteratur. Dermed stimulerer ein den interessa elevane har for god og verdifull lesnad, og fremjar den personlege voksteren og mognaden hos dei. Elevane bør få litt kjennskap til den teknikken forfattarane nyttar, til måten dei byggjer opp forteljingane eller dikta sine på, og dei ulike verkemidla dei bruker. Elevane kan gjerne lese dei to diktverka utanfor undervisningstimane. Den tida ein då vinn inn, bør brukast til å innleie om verket og forfattaren samtale om verket og arbeide med oppgåver i tilknyting til det. Sakprosatekstene bør ha aktualitet for elevane i livssituasjonen deira. Det er naturleg å hente ein del stoff frå aviser og tidsskrift. Det kan gjerne vere slikt stoff som vekkjer ordskifte og motførestellingar. Omstridde spørsmål må ein kaste lys over frå fleire sider. Ein står fritt når ein vel sakprosatekster, men ein bør likevel ha i tankane at stoffet skal gje elevane auka interesse for det som rører seg i tida, både nasjonalt og internasjonalt. 3.3.3 Sidemålet I samsvar med lov er bokmål og nynorsk likeverdige målformer og skal vere jamstelte skriftspråk i alle organ for stat, fylkeskommune og kommune. Då studieretninga for handels- og kontorfag og gir utdanning som er retta mot arbeidsoppgåver i offentlege etatar, har elevane rett til å få undervisning i begge måla. Men i tillegg til dette har opplæring i sidemålet også eit vidare sikte. Det tener til å fremje slike viktige sider ved skolens målsetjing som likeverd, toleranse, respekt for tradisjon og kulturarv. Kva ror eit mål som er hovudmål og kva som er sidemål, kan skifte frå
Skann 122 av R76 · Kjernefag, vgs · 1985 (4. utgåve)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 7

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1985 (4. utgåve), s. 118». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1985-komplett/s/122/