SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1976 s. 58 skann 60

58 må gje hove både til informasjon og til vurdering. Som oppgåvetype kan ein nemne: Byen/bygda vår som turistattraksjon. Om misbruk av narkotika og dei folgjene det har. Hovudinnhaldet i den internasjonale fråsegna om menneskerettane. Fritida - eit problem? Bruk av stensilmaskin. Ovingsbutikken/ovingskontoret pa skolen. Om vareplassering i sjolvvalsbutikkar. Til punkt 3.2.2.1. i emnelista, referat og rapportar Her kan elevane få praktiske øvingsoppgåver som set dei i ein bestemt skrivesituasjon. (Skrivesituasjon: Ein tilpassar det ein skriv etter det ein veit om informasjonsbehovet hos mottakaren.) Referat frå klassediskusjon. Referat frå mote i elevrådet/ungdomslaget. Rapport om studiebesøk. Rapport om ei tenkt forretningsreise. Rapport om ei trafikkulykke. Til punkt 3.2.2.2. i emnelista, referat i konsentrert form av lesen tekst Denne oppgåvetypen må ein bruke for å ove opp både referatteknikk, leseforståing og skrivedugleik. Elevane skal også få øving i a skilje det vesentlege frå det uvesentlege. Når ein skriv referat, bor elevane ha ein bestemt skrivesituasjon. Det kan vere ei passande øving å setje overskrifter over referat og over kvart avsnitt. Stoff til slike oppgåver må ein kunne finne i forskjellige aviser, tidsskrifter og i læreboker i andre fag. Formålet med øvinga må vere i aukande grad å gjere elevane i stand til å bruke språket skriftleg, dels i yrkessamanheng, dels i ein friare samanheng for å gje uttrykk for eigne tankar og røynsler. Dei skriftlege øvingsformene som ein bruker, rna vere realistiske ved at dei så langt råd er blir knytte til stoff og til situasjonar som kan vere aktuelle for elevane. Det er viktig å variere dei skriftlege ovingsformene, men dette må ikkje fore til at undervisninga blir springande eller usamanhangande for elevane. 4.3. Undervisningsformer Ein bør på ein rimeleg måte veksle mellom ulike undervisningsformer. Dette er nødvendig både på grunn av differensieringa og for a skape avveksling i arbeidssituasjonen for elevane. Vekslinga mellom undervisnings' formene bor ein planleggje noye, og elevane bor kjenne til undervisningsformene for å kunne få eit så stort utbyte av dei forskjellige opplegga som mogeleg. Verksemda i klassen har ikkje berre faglege mål. men skal også fremje samarbeidsevna hos elevane og få dei til å forstå kva for plikter dei har
Skann 60 av R76 · Kjernefag, vgs · 1976
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 4

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1976, s. 58». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1976-komplett/s/60/