SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1976 s. 48 skann 50

48 3.3. Kommentarar til emnelista Når ein arbeider med å ove opp evna til å bruke språket munnleg og skriftleg, kan ein gjerne nytte emne frå samfunns- og arbeidslivet. Arbeid med referat, rapportar, brev og soknader kan ein knyte til den yrkesretninga elevane har valt, der det er naturleg. Kor stor vekt ein skal leggje på kvart emne i den skriftlege bruken av språket, er avhengig av behovet hos elevane. Det vil vere naturleg at det er store variasjonar mellom dei ulike studieretningane som planen gjeld for. Elevane bor få lese enkel, nyare skjønnlitteratur, og begge målformene bør vere representerte. Ein bør leggje mindre vekt på om utvalet er representativt for norsk litterær tradisjon. Det er viktigare at litteraturen engasjerer elevane. Det kan bli aktuelt å bruke lokale kulturtilbod - arrangere besøk av forfattarar frå staden og besøkje lokale bibliotek. Nyare visekunst kan bli ein god innfallsport til litteraturen og til diskusjonar om samfunnsforhold. I arbeidslivsorienteringa kan det bli aktuelt å invitere foredragshaldarar frå ulike organisasjonar, ofte slik at norsklæraren og faglærarane samarbeider om opplegget. Klassen og læraren bor i fellesskap velje emne innanfor b) - n) i samfunnskunnskap. Det er viktig at dei emna som blir valde, engasjerer elevane. Stikkorda under kvart emne peiker pa mogelege innfallsportar til stoffet. Etiske spørsmål er etter målet for faget ein integrert del av heile norskundervisninga. Valemnet etikk skal ikkje erstatte dette, men gjere det mogeleg å fordjupe seg i enkelte felt. 4. ARBEIDSMÅTAR 4.1. Dei konsekvensane målet har for arbeidet med faget Arbeidet med faget må gje alle elevane på årssteget eit rimeleg tilbod, også når ein tek omsyn til den spreiing i evner, interesser og anlegg som ein må vente å finne der. Undervisninga rna ta utgangspunkt i nivået hos kvar elev og nivået i klassen. Elevane må i samarbeid med læraren få rimeleg høve til å arbeide med emne som dei har spesiell interesse for. Dei må også få hjelp til å finne stoff og til å plpnleggje eit arbeid. Læraren bor - i den grad det er ønskjeleg og nødvendig - ta omsyn til den yrkesretninga elevane har valt undervisningsstoffet i. Eit hovudmål for arbeidet med faget er a samordne dei enkelte delmåla. Arbeidet med samfunnsorientering og litteratur skal ha ein verdi i seg sjølv, men bør også sto opp under utviklinga av språkevna til elevane og hjelpe dei i deira personlege vekst og modning.
Skann 50 av R76 · Kjernefag, vgs · 1976
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 5

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1976, s. 48». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1976-komplett/s/50/