SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1976 s. 45 skann 47

45 fiinnsinteresse og gje dei innsikt i menneskelege forhold. Elevane skal først og fremst lese skjønnlitteratur, men også sakprosa med vekt på yrkesretta stoff. Orientering om arbeidslivet og yrka er obligatorisk. Denne orienteringa bør vere praktisk retta. Her må ein leggje vekt på samanhengen mellom arbeidslivet og samfunnet elles. Gjennom norskundervisninga gjeld det å få fram korleis eit samfunn fungerer, og kva for krefter som verkar i det. Undervisninga bør ta sikte på å utvikle toleranse og respekt for meiningar, tru og levevis hos andre også i global samanheng. Ein bør bruke massemedium i undervisninga for å øve elevane opp til sjølvstendig og kritisk å vurdere dei informasjonskjelder som finst i eit samfunn. Norskundervisninga bør øve elevane opp i å bruke ulike arbeidsmåtar, både individuelt og saman med andre. 3. EMNEPLAN 3.1. Dei konsekvensar målet har for utvalet av fagstoff Fagstoffet må vere slik at elevar med ulike føresetnader kan arbeide med det. Det må kunne engasjere elevane ved at det er nyttig, aktuelt eller ligg innanfor deira interessefelt. 3.2. Emneliste 1. Norsk munnleg og skriftleg A. Munnleg bruk av språket Samtale (i klasse eller gruppe) Diskusjon (med og utan førebudde innlegg) Presentasjon av rapportar og referat Enkle foredrag B. Skriftleg bruk av språket Alle språklege oppgåver tek sikte på å øve opp uttrykksevna og å øve elevane i rettskriving, teiknsetjing 0.1. Arbeidet med skriftleg norsk omfattar også at ein arbeider med det utvalet av emna nedanfor som er mest nyttig for kvar studieretning og klasse. Brev Søknader Rapportar, referat, meldingar Blankettar og formular (t.d. posttilvising, postgiro, bankgiro, sjekk) I tillegg kan elevane dersom det er ønskjeleg arbeide med skildring, forteljing, utgreiing og avisinnlegg.
Skann 47 av R76 · Kjernefag, vgs · 1976
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 4

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1976, s. 45». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1976-komplett/s/47/