SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1976 s. 36 skann 38

36 Samisk hovudmål og sidemål* 1. GENERELL INFORMASJON Samisk er eit av dei felles allmenne faga i to-arige grunnkurs og i studieretning for allmenne fag. Timetal: 1. år 2. ar 3. ar Samisk hovudmål: ) 4 4 4 )4 4 4 Samisk sidemål: 3 3 ) I tillegg til kursa i samisk hovudmål og sidemål er det utarbeidd fag- P lanarfor l.år 2. ar 3. år 1. ar 2. ar 3. år Samisk framandspråk (del 3 A) 4(0) 3(2) 0(5) Ein fagplan for samisk orienteringsfag (del 4) er under utarbeiding. Undervisninga i samisk som hovudmål gjeld forebels berre nordsamisk og kan veljast berre av elevar som reknar nordsamisk som morsmålet sitt. eller som frå for har eit godt grunnlag i det. Som sidemål kan ein velje nordsamisk, eller, sa snart det er praktisk mogeleg, sørsamisk eller lulesamisk. Undervisninga i nordsamisk som sidemål kan gjevast både til elevar som har nordsamisk som morsmal, og til elevar som har noko kjennskap til nordsamisk. Berre elevar som har sorsamisk eller lulesamisk som morsmål, kan velje desse mala som sidemål. Elevane skal kunne vente til 2. året med å velje om dei vil ha samisk som hovudmål eller sidemål. Dei vil da vere meir klar over kva språkleg grunnlag dei har. Det vil bli utarbeidd ein fagplan i norsk for elevar med samisk hovudmål/sidemål. Alle elevar som les samisk, skal ha hove til å velje ei anna samisk språkform som valfag. * Fagplanen er berre mellombels godkjent. Han vil bli revidert når han er tilstrekkeleg utprovd.
Skann 38 av R76 · Kjernefag, vgs · 1976
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1976, s. 36». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1976-komplett/s/38/