SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1976 s. 29 skann 31

29 og vanskegrad, slik at ulike elevar kan arbeide med stoffet på ulike nivå. Når det gjeld øving i å bruke språket skriftleg og munnleg, bør ein ta ein del av stoffet frå eit aktuelt språkmateriale i den studieretninga elevane har valt. Graden av stoffleg differensiering og graden av fordjuping vil vere avhengig av evnen og føresetnaden til elevane og av den studieretninga dei har valt. 4. ARBEIDSMÅTAR 4.1. Dei konsekvensar målet har for arbeidet med faget Fagplanen må gje eit rimeleg tilbod til alle elevane på årssteget med den spreiing i evner, interesser og anlegg som ein må vente å finne der. Faget norsk spenner over mange ulike typar stoff og over mange aktivitetar. Det er derfor særs viktig at ein arbeider med dei ulike sidene av faget etter ein grei plan, slik at formålet og gangen i øvingane er klar for elevane, og slik at dei kan få ei mest mogeleg aktiv øving. I samarbeid med læraren må elevane få rimeleg høve til å arbeide med emne som dei har spesiell interesse for, og dei må få hjelp til å finne stoff og til å planleggje eit arbeid. Ei viktig side av undervisninga er altså å lære elevane å arbeide slik at dei i aukande grad kan planleggje sitt eige arbeid og ta ansvaret for si eiga læring. Elevane må få høve til å samarbeide om oppgåver som engasjerer dei i faget. Dei må få oppgåver som kan utvikle evna til sjølvstendig og kritisk vurdering, til toleranse og samarbeidsvilje. Elevane må få arbeidsoppgåver som kan auke deira kunnskap og innsikt i ulike emne, og som kan gje dei øving i å bruke kunnskapane i meiningsfylt samanheng. Dei nye arbeidsmåtane og samarbeidsformene vil skape ein ny situasjon for læraren. Dei vil føre til at han ved sida av å vere kunnskapsformidlar i stigande grad må ta på seg rolla som studierettleiar og planleggjar for elevane. Det er vanskeleg å skilje klart mellom arbeidsformer og undervisningsformer fordi dei i læresituasjonen stadig går over i kvarandre. 4.2. Arbeidsformer Val av arbeidsformer vil vere avhengig av kva slags stoff ein har og omfanget av det, føresetnadene til elevane, den tida ein har til disposisjon, romma, utstyret og hjelpemidla på skolen, og ein samla plan for undervisninga i faget. Berre læraren i samråd med elevane kan ha god nok oversikt over desse og andre forhold. Saman med elevane må læraren derfor finne fram til kva for arbeidsformer som vil høve best for dei enkelte delemna.
Skann 31 av R76 · Kjernefag, vgs · 1976
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1976, s. 29». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1976-komplett/s/31/