SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1976 s. 23 skann 25

23 Yrkesretta oppgåver Forretningsbrev og søknader Arbeidsrapportar Fullmakter og avtaler 111. Språkkunnskap Emneliste for 2. årssteget: (Dei tre hovudgruppene nedanfor er kjernestoff (i kursiv). Den detaljerte lista over ulike emne under kjernestoffet er ikkje bindande, og føresetnadene til elevane vil avgjere i kor stor monn og kor grundig ein skal arbeide med dei emna det er gjort framlegg om.) 1. Sidemålskunnskap Grundig innøving av formverk og setningslære. Behandling av og øving i språktrekka skjer no meir ved skriftlege oppgåver som lét detaljar gå inn som eit ledd i heilskapen. Lengre og meir krevjande oppgåver enn på det 1. årssteget. Vanskegraden aukar jamt. 2. Formalkunnskap Vidareføring av emna frå det 1. årssteget. Grundig behandling av stilistiske emne, alt etter forholda i klassen. 3. Språkhistorie, norrønt mål og norske dialektar Innføring av viktige delar av norsk språkhistorie, med vekt på norrøn og mellomnorsk tid, bl.a. med noko av utgangspunktet for dialektutviklingar i norsk. Ei kort og enkel innføring i norrønt mål ut frå ein eller få lette norrøne tekstar, som berre tener til eksemplifisering tida etter 1830, med vekt på å forstå språkpolitikk og målkløyving i Noreg fram til våre dagar noko kjennskap til dei andre nordiske språka, t.d. gjennom korte tekstprøver noko kjennskap tii dei viktigaste dialekttrekka i Noreg (jamvekt, tjukk 1, palatalisering, blaute konsonantar) og til dei viktigaste dialektgrensene, for at elevane skal forstå og respektere det folkelege talemålet betre, og gjennom det få større språkleg toleranse. (I klassar eller grupper der alle elevane skal halde fram på det 3. årssteget, kan ein føre over litt av stoffet under punkt 3. ovanfor, dersom det er ønskjeleg. Ein må i alle høve syte for at elevar som held fram på det 3. årssteget, unngår at ein tek opp att arbeidsstoffet unødvendig.)
Skann 25 av R76 · Kjernefag, vgs · 1976
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1976, s. 23». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1976-komplett/s/25/