SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1976 s. 16 skann 18

16 Norsk (4-5-5) 1. GENERELL INFORMASJON Norsk er eit av dei felles allmenne faga i dei 2-årige grunnkursa og i studieretning for allmenne fag. Det har fire veketimar forste aret og fem timar andre og tredje året. 1-årige kurs i studieretningar for yrkesfag har eige 2-timars kurs i norsk med samfunnskunnskap. Fagplanen for dette kurset star pa side 44 i del 2 av læreplanen. I tillegg finst det fagplanar for desse linjefaga og valfaga i del 3 og 4 av læreplanen: Låret 2. aret 3. året Norsk, språkleg kurs (del 3): 3 (0) 0 (3) Norrønt mål (del 3): 3 Litteratur (del 4): 2 2 2 2. MÅL 2.1. Gjennom arbeidet med faget skal elevane - skaffe seg kunnskap i norsk språk og oving i å ordleggje seg korrekt og presist både munnleg og skriftleg - få orientering om norsk språkutvikling og om aktuelle språkproblem slik at dei kan utvikle ei aktiv og medviten holdning til spraket - få øving i å oppfatte og oppleve ulike slag litteratur, føresetnader for å lese med rikare utbyte, og større interesse for verdifull lesnad - skaffe seg kjennskap til norsk litteratur og til viktige periodar i norsk litteraturhistorie, noko kjennskap til dansk og svensk språk og littera- tur og til verk frå verdslitteraturen - få noko kjennskap til stilistiske verkemiddel - få øving i å bruke bøker, aviser og andre massemedium kritisk som infor masjonskjelder. Undervisninga tek elles sikte på å hjelpe elevane til personleg vekst og modning ved å utvide deira allmenne livsorientering og utvikle deira sans for kulturelle og estetiske verdiar.
Skann 18 av R76 · Kjernefag, vgs · 1976
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 5

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1976, s. 16». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1976-komplett/s/18/