SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1976 s. 113 skann 115

8. Læreplan. Del 2 113 Matematikk 1. GENERELL INFORMASJON Matematikkopplæringa i den vidaregåande skolen må byggje på det grunn laget elevane har frå grunnskolen. I svært mange klassar vil det vere ein fordel at ein i førstninga av 1. året i den vidaregåande skolen repeterer det grunnleggjande stoffet ein skal byggje vidare på. 1.1. Dei forskjellige kursa under studieretning for allmenne fag 1. ÅRET 5-timars kurs (IMA). Dette kurset er obligatorisk for dei som vil ta vidare gåande kurs i faget. 2. ÅRET 5-timars kurs for elevar på naturfaglinja (2MNJ. Dette er eit obligatorisk kurs på den naturfaglege linja. Det er i hovudsaka lagt opp for elevar som skal lese matematikk vidare, men det er også lagt vekt på emne det er bruk for i fysikk, kjemi og biologi. 5-timars kurs for elevar på samfunns fagleg linje (2MS). Dette kurset er i hovudsaka lagt opp for elevar som følgjer den samfunnsfaglege linja i 2. året. Kurset kan også vere organisert med to timar 2. året og tre timar 3. året. 3. ÅRET 5-timars kurs for elevar på naturfaglinja (3MN). Kurset er eit framhald av 2MN-kurset. 5-timars kurs for elevar vå samfunns faglinja (3MS). Kurset er eit framhald av 2MS-kurset.
Skann 115 av R76 · Kjernefag, vgs · 1976
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1976, s. 113». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1976-komplett/s/115/