SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 97 skann 99

VI. Geografi. I. Mål. 1. Opplæringa skal setja elevane i stand til å bruka dei vanlege geografiske hjelperådene, t. d. kart, handbøker o. 1., så dei kan skaffa seg dei opplysningar og kunnskapar dei etter kvart får bruk for. 2. Arbeidet med faget skal fremja sansen til eleviane for naturen og hjelpa dei til å skjøna samanhengen mellom dei geografiske tilhøva og menneskelivet. 3. Noko kjennskap til fysisk og matematisk geografi — serleg det som er grunnlaget for dei viktigaste geografiske ovringar, t. d. årstider, dag og natt, soner, ymse slag verlag (klimatypar) osb. 4. Kjennskap til fedrelandet, til naturen her og til levevilkåra og næringsvegane åt folket. Noko kjennskap til dei andre landa i Europa — serleg Norderlanda — og eit oversyn over dei framande heimsbolkane. Noko grundigare kjennskap til dei landa som Noreg har mest samband med. 11. Minstekrav. 1. Elevane må kjenna dei elementære topografiske omgrepa, t. d. land, hav, banke (fiskebanke), øy, halvøy, nes, odde, holme, skjer, eid, fjord, vik, sund, fjell-land og lågland, lågslette og høgslette, fjell, fjelltopp, skard, dal, elv, å, bekk, innsjø, vassdrag, myr osb. 2. Elevane skal skjøna lende-framsyninga på kartet og finna fram på eit vanleg kart. Dei må difor læra nokre av dei mest vanlege kartteikn (kartografiske uttrykksmiddel), såleis og dei viktigaste av kartteikna som vert nytta på rektangel og graddeildekarta til Noiges geografiske Oppmåling, og dei skal få noko rettleiing i å nytta eit slikt 7 — Normalplan for landsfolkeskulen.
Skann 99 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 97». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/99/