SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 98 skann 100

98 kart i lendet. Elevane skal og kunna skaffa seg geografiske opplysningar og kunnskapar frå vanlege handbøker og andre hjelpemiddel. 3. Elevane må ha noko kjennskap til dei viktigaste delane av den fysiske og matematiske geografi (plassen jorda har i solsystemet, dag og natt, årstider, soner, ymse slag verlag osb., dei ulike livsvilkår på jorda og hovudårsakene til dei. 4. Noko kjennskap til dei einskilde landa, serleg Noreg og dei land Noreg har mest samkvem med. Om å læra namn og tal — sjå bolken Rettleiing, pkt. I. 1 Der det høver, er minstekrava (d. e. det stoff som alle skular skal gjennomgå) sette med kursiv i arbeidsplanen for skuleåra, men elles må ein forma ut minstekrava i dei lærebøker og andre hjelpemiddel som vert godkjende lil bruk i skulen. I desse bøkene og andre hjelpemiddel må ein så tydeleg som råd er, skilja mellcm det stoff som høyrer til minstekrava, og onna stoff. Nokre døme på stoff som ein skal ta med i opp» læringa og leseboka (minstekrav) — skjematisk oversyn. 1. Noreg. Rogaland fylke: Bcknf jorden, den synste av dei store Vestltmdsfjordane. Øy-, fjord- og dalbygdene ikring Boknfjorden og sidefjordane heiter Ryfylke. Det godt oppdyrka og tett folkesette låglandet sør for Stavanger heiter Jæren — nokre av dei beste jordbruksbygdene i Noreg. Stort vårsildfiske. Karmøy. Haugesund (sildehandel og skipsfart). Stavanger, bortimot 50 000 ibuarar, endestad for Jærbana (Sørlandsbana), hovudsæte for hermet ikkindnstrien, handel, gamal domkyrkje. I heile Rogaland mykje sauer og høns. Dei sel kjøt, egg og andre jordbruksvarer. Fylket rikt på vasskraft: Sauda, inst i Ryfylke, stort smelteverk. FJeire ullvarefabrikkar. 2. Sverike. Storleik og folketal. Grenser: Noreg, Skagerak, Kattegat, Øresund, Øy sters jøen, Bottenvika, Finnland. 1 Minstekravet når det gjeld geografiske namn og tal som elevane skal Ivra, kunne ein etter etterrøknader som er «jorde, kanskje setja til om lag 350 namn og om lag 40 tal for alle skuleåra til saman. Elevar med vanleg gode evner skulle Ah — ved slutten på kvare skuleår — kunna dei namn o<* tal som høyrer til arbeidsplanen for året, og litt av det stoft' som høyrer med til namna og tala.
Skann 100 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 98». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/100/