SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 94 skann 96

94 brigda grunnlova til bate for kongsmakta. Embetsmennene var dei beste vaktarane for grunnlova i fyrstninga. Det vert omskifte i dette ikring 1830. 3. Heradsstyre og bystyre: Bøndene freistar vinna større makt i Stortinget — å få større makt over budsjettet, å setja ned skattane og vinna sjølvstyre i bygda. Formannskapslovene 1837. Kva dei hadde å seia då — og no. Den gongen — sjølvstende andsynes embetsmennene og oppskuling for bøndene i politikk. Ueland. Henrik Wergeland (død 1845). Brennevinsdrikkinga og striden mot den. Niels Henrik Abel (død 1829). 4. Nye næringsvegar og samfunnsklasser: Frå 1840-åra vert Noreg etter kvart dregi inn i det nye næringslivet som den industrielle revolusjonen skaper. Betre vegar, dampskip langsmed kysten, etter kvart jarnvegar som opnar bygdene — Fr. Stang — overgang frå sjølvberging til pengehushald og handelsjordbruk i bygdene. Industri tek til. Skipsfarten aukar veldig. Arbeidarklasse. Marcus Thrane. Påverknad frå februarrevolusjonen — men enno er det få industriaibeidarar i Noreg. Voksteren i industrien kjem fyrst for alvor etter Marcus Thranes tid. Dei fyrste faglaga i fyrstninga av 1870-åra. Utvandring frå Noreg til Sambandsstatane. 5. Tysklands samling (1871): Ein tek helst med dette: Av dei mange tyske statane var det etter kvart Preussen som vart den mektigaste og rikaste (industri i Rhinland). Ein fortel heilt stutt om Preussen i 1848, om Bismarck og 1864, 60 og den tysk-franske krig. 6. Det britiske samveldet. Engelske koloniar og dominions 1910. England har svære økonomiske interesser allstad i verda. Engelske pengar i Noregs fyrste jarnveg — i norsk industri — såleis er det 6g i mange andre land. 7. Johan Sverdrup (død 1802) og parlamentarismen: Motsetnadene i det norske samfunnet mellom bønder og embetsmenn og mellom arbeidarane og dei andre samfunnsklassene merkar ein og i politikken og i åndslivet. Målreisinga — Ivar Aasen (ikring 1850), Asbjørnsen og Moe, Kjerulf. Bønder, handverkarar og byborgarar elles vil at Stortinget skal ha makta, ikkje riksstyret der det mest er embetsmenn. Thraniltarrørsla — dei fyrste arbeidarlag.
Skann 96 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 94». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/96/