SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 93 skann 95

93 Danmark bortimot broti. Regjeringskommisjon 1807. Herman Wedel Jarlsberg. Selskapet for Noregs vel. Universitetet 1811. Hardår og jobbing, g. Kielf reden og riksmøtet på Eidsvoll: Grunnlova (17. mai 1814) : Fortel og gå igjennom grunndraga i grunnlova. Syn verknaden av idear frå fridomsstriden i Nord- Amerika og den store franske revolusjonen. Sambandet med Sverike. 7. skuleåret. Det ein må få fram i opplæringa dette året, er mel. a. dette : Den tekniske framvoksteren, dei nye maskinane, fabrikkane lagar om alle samfunnstilhøve, skaper ny og skarpare sosial motsetnad. Den nye teknikken — i samferdsle, i krig — gjer det mogeleg å leggja den nye verda som var oppdaga i det 16. hundreåret, under dei europeiske stormaktene. Den nye industrien krev råemne og salsmarknader for produksjonen — kravet om koloniar vert sterkare. Samstundes med at striden om koloniane skaper sterkare motsetnader, vert verda gjennom aukande varebyte og arbeidsdeling meir og meir bunden i hop til ein heilskap økonomisk. Ein av føresetnadene for heile denne framvoksteren er stendig auka kjennskap til naturlovene (vitskap). I hovudsaka går ein igjennom stoffet ved at læraren fortel og skildrar, med lesing i leseboka, med utfyllande lesing og med høvelege arbeidsoppgåver på skulen og heime. Ein driv ikkje med lekselæring og leksehøyring etter læreboka. Tida etter 1814. 1. Maskinar og fabrikkar: Industriell revolusjon. Damp — James Watt — kol, jarn. Spinne- og vevemaskinar. Nye samferdslegreier. George Stephenson. Alt det nye kjem ikkje av seg sjølv, men byggjer på freistnader gjennom lange tider og på teoretisk studium — vitskap. Folketalet aukar veldig — tilgangen på arbeidskraft 6g — arbeidarane sine kår. Liberalismen — Manchester-skulen. Faglag — politiske samanskipingar. Karl Marx og sosialismen. 2. Karl Johan og nordmennene: Noreg hadde lidi mykje i ufredstida 1807 — 1814. Har difor i dei fyrste tjue åra nok med å verja dei rettane som var vunne gjennom grunnlova mot kongen — Karl Johan — som vil
Skann 95 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 93». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/95/